Agenda

08.00-08.30:     Frukost – det er dekka ved runde bord i Redarrommet

08.30-08.35:     Velkomen og innleiing frå Herøy Næringsforum og Herøy kommune 

08:35-08:45:     Diskusjonar rundt borda.
                     Treng vi eit næringsforum? Kvifor/kvifor ikkje? Korleis finansiere det? Mentimeter svar.

08:45-09:30:     Vidare diskusjon: Organisering/for kven?

På grunn av servering må vi ha påmelding HER snarast og innan onsdag 9. februar.

Arrangør:         Havlandet AS
Medarrangørar: Herøy Næringsforum og Herøy kommune 


PRESSEMELDING 02.02.2022

Havlandet inne i sitt siste driftsår – kva no for eit felles næringsforum?

 Havlandet AS er inne i sitt siste driftsår og sidan det er slutt på RDA-midlane, er det heller ikkje pengar til å drive Herøy Næringsforum. Kva tenkjer næringslivet om å ha eit felles forum? Er det behov for det eller ikkje?

Havlandet AS, Herøy Næringsforum og Herøy kommune inviterer næringslivet til eit frukostmøte for å diskutere framtida når det gjeld fora for næringsutvikling i Herøy.

- Vi håper å få med breidda i næringslivet til å diskutere kva ønskje dei har for eit eventuelt felles næringsorgan. Vi treng å høyre synspunkt frå alle bransjar og bedrifter av alle størrelsar, seier Merethe Hjertø Flusund, som er dagleg leiar i både Havlandet AS og stiftinga Herøy Næringsforum.

Kommunen har finansiert 1/3 av Havlandet AS ut dette året. Til nyttår er det slutt, og skal det med vidare i budsjettet for 2023, så må næringslivet kome med tydelege signal om kva dei ønskjer no i vår, slik at kommunen kan ta det med i sitt budsjettarbeid, som startar allereie i juni.  Deretter kan politikarane ta stilling til korleis kommunen skal involverast når det gjeld synleggjering og utvikling av næringslivet i Herøy i framtida.

- Så sjølv om det er nesten eit år igjen av prosjektet, treng vi tida til å finne ut av vegen vidare frå 2023, og vi treng tydelege signal frå næringslivet, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen.

Havlandet AS er eigd av Herøy Næringsforum (60 %) og Herøy kommune (40 %). Forretningsplanen og aktiviteten til Havlandet AS er basert på innhaldet i aksjonæravtalen mellom eigarane. Der står det at Havlandet er ein interesseorganisasjon for næringslivet som skal skape vekst og utvikling. Selskapet skal påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter i tillegg til auke i heilårsturisme. Havlandet skal vere talerør og ambassadør for næringslivet som heilheit og vere bindeledd mellom næringsliv, kommune, verkemiddelapparatet m.m.

- I 23 av dei 25 månadene vi har drive har det vore koronapandemi. Det har gitt utfordringar knytt til å arrangere møteplassar og vere nettverksbyggar, men vi har likevel arrangert blant anna bedrifts-turne i høve statsrådsbesøk, Fosnavågkonferansen, Reiselivskonferansen i Fosnavåg, NæringsPUBar, fleire bransjemøter og eit utal digitale møter, fortel Flusund.

Godt etablerte arrangement som til dømes Fosnavågkonferansen i juni og Reiselivstreff på hausten er viktig å vidareføre for å kunne marknadsføre Herøy og Fosnavåg som næringsarena og reisemål. Det er også viktig å ta vare på dei samarbeidsnettverka som er bygde, spesielt på Søre Sunnmøre.

Havlandet AS representerer per i dag ca. 130 partnarbedrifter, ganske likeleg fordelt mellom dei forskjellige bransjane. På heimesida til selskapet finn ein informasjon om dei ulike partnar-bedriftene, ledige stillingar, verkemiddelapparatet, diverse arrangement, samt aksjonæravtale, vedtekter, kvartalsvise informasjonsbrev, styremedlemmar og styrevedtak. Selskapet har i tillegg utvikla ei heimeside som er retta mot besøkande, med fyldig informasjon, slik at dei kan finne fram til overnatting, servering, handel og aktivitetar som finst i kommunen og omegn. Det er gjort eit betydeleg arbeid med informasjon på både norsk og engelsk på nettsida til Opplev Havlandet og i Voice of Norway-appen, der det ligg over 50 historier frå Herøy under merkevarenamnet Havlandet. Det er også dette namnet som er etablert i sosiale media. Behovet for felles marknadsføring er der, det same gjeld behovet for nokon som kan drage i trådar og skape samarbeid mellom aktørar for å tilby breidde og eit godt produkt for tilreisande.

- Dette gjer seg ikkje sjølv, så vidareføring av dette arbeidet på eit eller anna vis er viktig. Kanskje i samarbeid med andre, spør Merethe Hjertø Flusund.

 Både ho og Trond Arne Aglen håper på god oppslutning om møtet og er spent på kva innspel dei får frå næringslivet på torsdag.

Fosnavåg 02.02.22

Kontaktperson:
Merethe Hjertø Flusund
Tlf. 905 12236
E-post: merethe@havlandet-as.no