Innleiing

Denne rapporten etter første driftsår er utarbeidd etter avtale med ordførar, kommunedirektør og styreleiar i Herøy Næringsforum.

Hovudpunkta er henta frå aksjonæravtalen mellom Herøy Næringsforum og Herøy kommune, samt forretningsplanen som styret i Havlandet AS har vedteke. Kulepunkta er dagleg leiar i Havlandet AS si tilbakemelding på korleis/om punktet er oppfylt pr. 31.12.20.

NB! Aktiviteten er ikkje avgrensa til underpunkta, men desse utgjer i hovudsak det dei to tilsette jobbar med, i tillegg til mindre oppgåver og administrasjonsoppgåver.

Til sist i rapporten er det teke med eit avsnitt om koronasituasjonen, plan framover, samt utdrag frå partnar-avtalen.

 Aksjonæravtalen (utdrag)

 Selskapet sine arbeidsoppgåver blir mellom anna å vere:

- næringslivet sin interesseorganisasjon

  • Heimeside for næringslivet og næringsinteresserte – havlandet-as.no
  • Partnaravtalar med 67 bedrifter pr. 31.12.20 (64 frå Herøy, 3 utanfrå)
  • Fast møteplass innarbeidd – NæringsPUB (avgrensa av koronasituasjonen)
  • Havlandet – næring er varemerket i sosiale media (FB, Instagram og LinkedIn)
  • Arbeidet i Herøy Næringsforum er vidareført og vidareutvikla (styrevedtak i HNF om at den operative drifta går gjennom Havlandet AS frå 2020)

 

Bilde1.png

 Kommentar: Arbeidet med rekrutteringa av partnarar kom litt seint i gong, men talet på partnarar er som forventa samanlikna med talet på betalande medlemmer i Herøy Næringsforum i 2019, som var 74.

- ein sentral aktør i reiselivsatsinga i kommunen og nærområde 

  • Heimeside for besøkande og andre interesserte – visithavlandet.no
  • Deltaking i 5-K samarbeidet
  • Ca. halvparten av partnarane kan kategoriserast som handel-/reiselivsrelaterte bedrifter
  • Godt samarbeid utanfor kommunen
  • Aktiv medspelar i større arrangement
  • Utvikling av reiselivsprodukt – bl.a. stor satsing på zipline
  • Synleggjering av turområde – pågåande arbeid
  • Utarbeiding av betre skilting - pågåande arbeid

- aktiv knytt til omdømebygging, marknadsføring, profilering og rekruttering 

  • Begge heimesidene viser næringsliv, natur og aktivitetar
  • Synleggjer næringsaktivitet og reiselivstilbod på sosiale media
  • Visit Havlandet er varemerket for reiseliv – Sosiale media og anna annonsering
  • Havlandet – næring er nemninga for næringsdelen av arbeidet
  • Instagram-konto for Visit Havlandet etablert og ambassadørar engasjert frå 2021
  • Marknadsføring i form av bilde, film og digitale presentasjonar
  • Kart og skilting under utarbeiding 
  • Voice of Norway App – 54 historiepunkt frå Havlandet pr. d.d.
  • Presentert ide til felles tilflytting-nærings-/rekrutteringsplattform til 7-stjerna
  • Ledige stillingar blir publisert på heimeside og sosiale media
  • Postar relevant næringsnytt på sosiale media (framhevar partnarar)
  • Presseoppslag om aktiviteten når det er relevant

 - initiativtakar i næringsrelaterte saker og saker som gjeld lokal samfunnsutvikling 

  • Fleire folkemøte pre Korona
  • Webinar Korona-situasjonen – samarbeid Ernst & Young og Sparebanken Møre
  • Kurs i bruk av sosiale media til næringsdrivande (hybrid, dvs. fysisk og web)
  • Hurtigbåt anløp Fosnavåg
  • Deltaking i Nettverk for samferdsel – Sunnmøre
  • Initiativtakar til samarbeid mellom næringsforeiningane på Søre Sunnmøre (NæSS)
  • Fokus på lokale innkjøp – dialog-webinar med næringslivet i samarbeid med Herøy kommune og KS i januar/februar 2021 under planlegging
  • God kontakt med utviklingsavdelinga i kommunen
  • Møter med ordførar, varaordførar og kommunedirektør for å oppdatere kvarandre
  • Publikum/deltaking i politiske møter når relevant, så langt det let seg gjere
  • Herøy vidaregåande skule – uttalar og møter, reiseliv spesielt
  • Engasjement rundt Berekraftfylket
  • Nominering av 8 bedrifter til fylket sin Klimasnu-pris
  • Andre nomineringar
  • Tilretteleggjar for fiskeriprosjekt med innovasjonsselskap
  • Samarbeid med lokale kursleverandørar (fordelsrabatt for partnarar)

- aktiv med å gi service, rettleiing og bistand til småbedrifter, gründerar og oppfinnarar 

  • Kontakt med oppstartsbedrifter og små bedrifter, spesielt innan handel og reiseliv
  • Kontakt med personar som har planar og idear – Vist til Hoppid når relevant
  • Møter med Hoppid-kontakt
  • Gründerundersøking
  • Distributør av viktig Korona-informasjon frå kommune til næringsliv

- aktiv for å innhente uttale frå næringslivet i kommunal plansaker 

  • Uttale til Herøy kommune sin innkjøpsstrategi
  • Høyringsuttale til Kommunedelplan – strategisk næringsutvikling

- saksbehandlar for søknader om næringsstøtte samt gi innstilling til politisk utval 

  • 20 søknadar til kommunalt næringsfond behandla i 2020 - rekord
  • Fleire av desse har fått søknaden i retur for forbetring pga. manglande dokumentasjon eller for tynt innhald.
  • Av totalt 62 søknader sidan 2014, har berre fått 12 avslag. Nokre av tiltaka har stoppa opp og nokre få har gått konkurs – cirka 10 i talet.
Bilde2.png

2014 (9), 2015 (7), 2016 (5), 2017 (18), 2018 (7), 2019 (6), 2020 (20)


- aktiv i å søkje samarbeid med regionale aktørar innanfor næringsarbeid og reiseliv

  • NHO Møre og Romsdal
  • Forskningsrådet
  • Innovasjon Norge
  • ÅKP
  • Hoppid
  • DÅS
  • Runde Miljøsenter (Booking 5-K)
  • Samarbeid med reiselivsaktørar i Herøy og nabokommunar
  • Deltaking i regionalt partnarskap
  • Del av NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre
  • Del av Nettverk for samferdsel – Sunnmøre
  • NTNU i Ålesund – næringslivsrepresentant i evalueringsgruppe  

  - med på å sikre arena for nyetablering, «startups» og liknande, samt vurdere moglegheitene for ein nyskapningspark

  • Gründerundersøking viser liten interesse for dette. Vurderer igjen i 2021
  • Dei som har brukt nyskapingsparken melder at tilbodet ikkje var optimalt
  • Gründerforum kan vere aktuelt
  • Mentor-ordning har kome som forslag

- ansvarleg for å utøve oppgåver gitt i det årlege forventingsbrevet frå kommunen

  •  I følgje referat frå møte mellom Havlandet og Herøy kommune i desember 2019, er forventningsbrev frå Herøy kommune meint som eit kurskorrigerande dokument dersom kommunen meiner Havlandet ikkje utfører si rolle som forventa.
  • For 2020 er fylgjande lagt til grunn for levering på oppgåver/forventning:
    - aksjonæravtalen
    - kommunedelplan
    – strategisk næringsutvikling
    - reiselivsrapporten Zynk
    - forretningsplan vedteken av styret i Havlandet AS


Forretningsplan

KVA ER HAVLANDET?

Havlandet er ein interesseorganisasjon for næringslivet som skal skape vekst og utvikling. Vårt oppdrag er å påverke og legge til rette for å auke talet på arbeidsplassar og bedrifter, i tillegg til auke i heilårsturisme.

Havlandet skal:

Vere talerør og ambassadør for næringslivet som heilheit - Synleggjere næringslivet i kommunen, både lokalt og nasjonalt, gjennom møtepunkt, nettverksbygging og arbeid i tradisjonelle og sosiale media.

- Delta på relevante messer, konferansar, seminar

  • M & R NHO Årskonferanse i Ålesund
  • Nor Fishing 2020 (fysisk avlyst – digitalt 2020)
  • Norwegian Travel Workshop NTW(fysisk avlyst - digitalt 2020)
  • Samferdselskonferanse, Loen
  • Leiarkonferanse/Oslo Business forum, Ulsteinvik (hybrid)
  • Gurskenkonferansen, Fosnavåg (hybrid)
  • The Next Wave, Giske (fiskeri- og sjømatkonferanse - hybrid)
  • Ei mengde andre webinar

- Synleggjere behov for arbeidskraft

  • Annonserer ledige stillingar for partnarar på havlandet-as.no og deler på sosiale media
  • Folkemøter (pre Korona)
  • Fosnavågkonferansen juni (avlyst 2020)
  • Maritim messe august (utsett til 2021)
  • NæringsPUB – første torsdag i månaden
  • Reiselivstreff – oktober
  • Webinar Koronainformasjon, samarbeid Sparebanken Møre og EY – 65 deltakarar
  • Kurs i bruk av sosiale media – 35 deltakarar
  • Avtale med STQ og Exlevel om rabatterte kurs for partnarar
  • Frukostseminar i samarbeid med NAV (avlyst)

 

Vere bindeledd mellom næringsliv, kommune, verkemiddelapparatet m.m.

- Arrangere møteplassar, både fysiske og digitale, for næringsdrivande

  • Folkemøter (pre Korona)
  • Fosnavågkonferansen juni (avlyst 2020)
  • Maritim messe august (utsett til 2021)
  • NæringsPUB – første torsdag i månaden
  • Reiselivstreff – oktober

- Arrangere relevante kurs og seminar for næringsdrivande

  • Webinar Koronainformasjon, samarbeid Sparebanken Møre og EY – 65 deltakarar
  • Kurs i bruk av sosiale media – 35 deltakarar
  • Avtale med STQ og Exlevel om rabatterte kurs for partnarar
  • Frukostseminar i samarbeid med NAV (avlyst)

- Arrangere og utvikle vidare Fosnavågkonferansen og Reiselivstreff.

  • Fosnavågkonferansen avlyst 2020 – planlagt 17. juni 2021
  • Reiselivstreff arrangert 4. oktober 2020 – avgrensa versjon

- Aktivt leite etter, og ha kunnskap om, samarbeidsprosjekt og støtteordningar, og formidle vidare til næringsdrivande og gründerar

  • Møter med verkemiddelapparatet
  • Møter med næringsdrivande ang. aktuelle prosjekt
  • Formidlar gjennom sosiale media eller e-post

- Delta i arbeidet med å bevare og auke utdanningstilbodet ved Herøy vidaregåande skule, evt. også utdanningstilbodet elles i regionen, også på høgskulenivå

  • Fleire møter på HVS
  • Uttalar og møter for YSK reiselivslinje
  • Møter på NTNU – deltaking i evalueringsgruppe som næringslivsrepresentant


Koronasituasjonen 

Då landet vart stengt ned 12. mars hadde reiselivsutviklar og næringslivssjef jobba i lag i 9 dagar. Deretter vart det 6 veker på heimekontor og digital/telefonisk kontakt. Det gjekk betre enn forventa. Til liks med alle andre, måtte vi snu oss rundt og tenke heilt annleis. Den største konsekvensen av dette er at det har vore vanskeleg både å arrangere og delta på møteplassar som frukostseminar, konferansar, kurs, næringstreff, fag-/bransjesamlingar etc. Å kunne samle folk og møte kvarandre er ein stor del av arbeidet med å skape vekst og utvikling gjennom samarbeid og nettverksbygging. Dette er naturleg nok ikkje enkelt å få til i dagens situasjon, men vi har likevel opplevd god interesse på arrangementa vi har fått arrangere.


Framover

  • Tydeleggjere strategi og arbeidsoppgåver både for tilsette og offentlegheita 
  • Avklare forventningar i aksjonæravtale og utvikle vidare samarbeidet med kommunen 
  • Arbeide vidare samarbeid med DÅS, 5K-prosjektet og mellom næringsdrivande i bransjen.

Partnar-avtale (utdrag av innhald) 

Avdeling Reiseliv (reiseliv, handel, service, kultur og frivillige organisasjonar) 

  • Marknadsføring gjennom eiga landingsside på visithavlandet.no
  • Profilering (logo, kort presentasjon og link til eiga heimeside på havlandet-as.no)
  • Kurs/kompetanseheving - rabattert
  • Konferansar – rabattert
  • Aktørtreff/frukostmøte – legge til rette for samarbeid, dialog og relasjonsbygging
  • Relevant informasjon – statistikkar, nasjonale og internasjonale undersøkingar frå Innovasjon Norge og Fjord Norge
  • Rådgjeving/rettleiing - bindeledd mellom partnarar og kommune, fylke, verkemiddel-apparatet og reiselivsselskap (Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Visit Norway etc.)
  • Synleggjere behov for arbeidskraft og kompetanse
  • Presentasjon i turistguiden
  • Generell marknadsføring av området gjennom året i inn- og utland
  • Tilgang til høgoppløyselege bilete frå Havlandet sin fotobank (med kreditert fotograf)
  • Tilbod om å registrere «sin stad» på appen Voice of Norway https://voiceofnorway.no/
  • Booking-løysinga Trekksoft gjennom visithavlandet.no

  

Avdeling Næring (offshore, fiskeri, industri, bank/finans, bygg & anlegg, øvrige næringar)

  • Profilering - logo, kort presentasjon og link til eiga heimeside på havlandet-as.no
  • Kurs/kompetanseheving - rabattert
  • Konferansar – rabattert
  • Næringstreff/frukostmøte – legge til rette for samarbeid, dialog og relasjonsbygging
  • Relevant informasjon - bransjeretta
  • Rådgjeving/rettleiing - bindeledd mellom partnarar og kommune, fylke og verkemiddelapparatet (ÅKP, Innovasjon Norge, Forskningsrådet etc.)
  • Synleggjering av behov for arbeidskraft og kompetanse
  • Administrasjon av prosjekt etter avtale
  • Tilbod om å registrere verksemda på appen Voice of Norway https://voiceofnorway.no/

 

PRIS FOR PARTNAR-AVTALE

Avdeling Reiseliv

For oppstartsåret 2020 vil introduksjonsprisen vere på flatt kr. 2020,- for alle verksemder innanfor Avdeling Reiseliv uavhengig av storleik på verksemda. Dette fordi vi er heilt avhengig av å få med flest mogleg i reiselivssatsinga frå starten av. Frå neste år vil prisen vere differensiert etter visse kriteria.

Avdeling Næring

  • Gründerverksemd (t.o.m. tredje driftsår)                                         Kr 1 000,-
  • Verksemd inntil 5 årsverk                                                                 Kr 2 000,-
  • Verksemd 6 – 15 årsverk                                                                  Kr 4 000,-
  • Verksemd 16 – 30 årsverk                                                                Kr 6 000,-
  • Verksemd 31 – 50 årsverk                                                                Kr 8 000,-
  • Verksemd over 50 årsverk                                                             Kr 10 000,-
  • Konsern                                                                                          Kr 25 000,-
  • Prosjektadministrasjon                                                                 Etter avtale

Prisane er ekskl. mva. Pristabellen vert vurdert årleg.

  

Fosnavåg, 7. januar 2021
Merethe Hjertø Flusund
Dagleg leiar / Næringslivssjef