Herøy er staden å kome til for ein fiskeri- og sjømatminister
Då nærings- og fiskeridepartementet tok kontakt med Havlandet AS med førespurnad om vi, på kort varsel, kunne sette i hop eit program i høve statsråd Odd-Emil Ingebrigtsen si planlagde rundreise i Møre og Romsdal, var vi ikkje vanskelege å be. Det er slett ikkje kvart år ein minister og to stortingsrepresentantar, med eit stort fylgje av lokale politikarar, set av ein heil dag for å få orientering om næringslivet i Herøy, så her var det berre å hive seg rundt og mobilisere. Det gjekk ikkje lenge før ei lang rekke bedrifter hadde takka ja til å ta imot statsråden, sjølv midt i ferieavviklinga til alle saman. Dette gjorde at det var mogleg å sette i hop eit godt og variert opplegg for statsråden, i samråd med departementet.
Fosnavaag Pelagic
Dagen starta med eit besøk på Fosnavaag Pelagic der dagleg leiar Roar Aasen orienterte om deira drift og utfordringar i bransjen. Han kom med klare tilbakemeldingar til statsråden om kor viktig auksjonsordninga til Norges Sildesalslag er for at dei mindre aktørane skal kunne konkurrere om fangsten. Detaljstyringa frå Fiskeridirektoratet vart også brakt på bane, med ei tydeleg melding om at dei ikkje burde legge seg opp i produksjonsprosessane til mottaka.
Teige Rederi
Frå hamna i Fosnavåg gjekk turen til Westinghuset på Eggesbønes der Sigurd Teige tok vel i mot fylgjet. Teige Rederi har fokus på grøn teknologi og presenterte med anna ringnotbåten «Sunny Lady» som er under bygging. Denne vil, i tillegg til diesel, også nytte batteri og gass. Teige etterlyste insentivordningar for å satse meir miljøvenleg. Statsråden kunne opplyse om at både klima- og miljødepartementet og finansdepartementet er inviterte med når nærings- og fiskeridepartementet inviterer til dialogmøte med representantar frå fiskerinæringa, deriblant Sigurd Teige, som meiner dette er ein god idé.
Ringnotbåten M/S Smaragd
Neste post på programmet var ei omvising om bord på ringnotbåten Smaragd ved deira kai i Leinevika. Der venta Lars Conradi Andersen frå HAV Design som kunne fortelje ein interessert statsråd at båten er designa i Herøy av HAV Design og bygd i Norge av Havyard Leirvik. I tillegg er der mykje utstyr frå lokale leverandørar, deriblant frå MMC First Process som statsråden skulle besøke seinare på dag. Torbjørn Hide representerte reiarlaget og viste fylgjet rundt medan han orienterte om det dei ville vite.
Runde Miljøsenter og Havforskningsinstituttet
Dagleg leiar Ottar Håkonsholm tok vel i mot delegasjonen på Runde Miljøsenter og gav gjestane ei orientering om senteret som driv med både forsking og formidling. Som kjent har Havforskningsinstituttet etablert seg med avdeling på Runde og forskar Nils-Roar Hareide gav ei orientering om dette samarbeidet. Ein engasjert statsråd fekk også være med på å resirkulere plast og lage sin eigen linjal mot slutten av besøket.
Båttur med M/B Olden
I Rundehamna venta Havopplevelse med sin nyerverva passasjerbåt M/B Olden for å ta fylgjet vidare til Mowi Eggesbønes. Herøy viste seg frå si aller beste side og turen var eit fint avbrekk i eit hektisk program der vi sleit litt med å halde tida. Praten gjekk lett og vi fekk også fortalt litt om bygdene og holmane vi passerte på vegen. Tradisjonsrike Moen Mathus har sørga for god mat til fiskarar i Fosnavåg i fleire mannsaldrar. Det gjorde dei også til fiskeriinteresserte politikarar både om bord i Smaragd og på båtturen med Olden.
Mowi Eggesbønes
Vel i hamn ved flytebrygga til Mowi stod regiondirektøren og fabrikksjefen og tok i mot fylgjet. Mowi sitt lakseslakteri på Eggesbønes er eit av dei største i verda, og har ein avansert fabrikk der det årleg vert prosessert 120 000 tonn laks. Dei vurderer som kjent utviding og let veldig vel over samarbeidet med Herøy kommune. Før turen gjekk vidare fekk ein interessert minister sjå deler av produksjonsprosessen frå eit showroom.
MMC First Process
Gründer Leif Gjelseth har lang fartstid når det gjeld utvikling av ny teknologi til pelagisk industri, pelagiske fiskefartøy og brønnbåtsegmentet. Og utviklinga har på ingen måte stoppa opp. Dei sikra nyleg ei stor kontrakt på eit landbasert oppdrettsanlegg og har inngått rammeavtale om leveransar til Sølvtrans sitt byggeprogram på heile 19 fartøy. Ministeren fekk presentert fleire nye utviklingsprosjekt og viste stor interesse for det MMC First Process hadde å fortelje om desse.
Egersund Herøy
Siste bedrift på programmet var Egersund Herøy som er totalleverandør av trålereiskap, nøter og handelsvarer til fiskeflåten. Dei leverer også wire, tauverk og diverse utstyr til offshore bransjen. Dagleg leiar Vidar Knotten tok fylgjet med rundt i produksjonslokala der alt av produksjon, vedlikehald og reparasjon foregår. Det er imponerande dimensjonar og trålproduksjonshallen skal vere den lengste i verda med tilkomst til kai. Med eiga djupvasskai kan dei ta imot dei store havgåande trålarane utan problem og med framtidig større kai vert kapasiteten utvida. I likheit med fleire av bedriftene som vart besøkte, skal også Egersund Herøy utvide på grunn av auka etterspurnad.
Fiskartreff på Thon Hotel Fosnavåg
Som ei flott avslutning vart det arrangert fiskartreff på Thon Hotell Fosnavåg. Søre Sunnmøre Fiskarlag ved Torbjørn Hide ynskte velkomen og fiskarlagsmedlem og sjarkfiskar Karl Oskar Sævik innleia møtet. Om lag 30 fiskarar og fiskebåtreiarar hadde tatt turen til lobbybaren på hotellet, der dei fekk nær ein time direkte dialog med fiskeriministeren. Dette var imponerande oppmøte midt i ferien og vi fekk opplyst at der var fleire som hadde utsett feriereisa for å få med seg dette høvet til å snakke med fiskeriministeren. Statsråden var spesielt opptatt av å møte dei unge sjarkfiskarane som har satsa friskt i det segmentet. Dei meiner det er på høg tid med ei avklaring på strukturkvotetildelingar. Dei første kvotane skal «falle tilbake» i 2027, dvs. under 6 år fram i tid, og det er behov for ei snarleg avklaring. Det som gjekk igjen i dialogen mellom fiskarane og statsråden var behovet for stabilitet og forutsigbarheit når det gjeld regelverk, ordningar og kvotefordeling. Heilt til slutt presenterte Jack Remøy sitt Ocean Pilot prosjekt for tråling, der roret er erstatta med eit nytt styresystem og båten fiskar med fire tråler samstundes. Han kom også med innspel om å tillate oppsamlingspose under rekefiske for å unngå å fiske fisken to gongar på grunn av selekteringsrista.
Synleggjering av næringslivet er viktig
Herøy var den einaste kommunen som fekk ein heil dag av eit tre dagars program i Møre og Romsdal. Dette var mogleg fordi vi har eit variert og imponerande næringsliv som viser ei breidde som fiskeri- og sjømatministeren kan få servert nærast «samla på eit brett». Vi kan med stoltheit seie at Herøy er staden å kome til for dei som har ansvaret for å utforme ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk. Statsråden var veldig fornøgd med programmet og både imponert og inspirert etter å ha møtt så mange dyktige og flinke folk. Fylgjet skulle gjerne hatt endå lenger tid, og vi inviterte dei til å ta turen fleire gongar, for vi har mykje meir å by på frå det varierte og omfattande næringslivet vi har i Herøy. Havlandet rettar ei stor takk til alle involverte.
Delegasjonen
Delegasjonen bestod av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen, stortingsrepresentantane Helge Orten og Vetle Wang Soleim, samt statssekretær Vanja Terentieff og fylkessekretær i Høgre Odd Harald Karlsen. Frå Herøy kommune deltok fungerande ordførar Bjarne Kvalsvik, kommunedirektør Trond Arne Aglen og leiar i ungdomsrådet Arjan Sakarias Sydhagen Dalsøren. I tillegg var også stortingskandidat og ordførar i Vanylven Lena Landsverk Sande (V) med i følget saman med Henning Holsvik frå Volda Krf, også han på lista over stortingskandidatar. Herøy Høgre stilte med Margareth Leinebø, Bjørn Otterlei og Torbjørn Hide, sistnemnde representerte også Søre Sunnmøre Fiskarlag og reiarlaget Smaragd under besøket.