Tilsette:                 2 x 100 % stilling (dagleg leiar/næringslivssjef og reiselivsutviklar)

Sjukefråvær:          Null     

Styremøter:            3. februar 2021 – 5 saker

Økonomi:               I henhold til budsjett

Aktivitet:               Arrangement og eksterne møter er sterkt avgrensa pga. Covid19-restriksjonar. Digitale møter, prosjektarbeid, operasjonelle og administrative oppgåver går som normalt.

Herøy kommune:    - 7 mandagsmøter med ordførar, varaordførar og kommunedirektør
                             - 2 møter i Utval for næring, kultur og idrett
                             - 1 møte med Politirådet

Partnarar
Frå nyttår til utgangen av mars vaks talet på partnarar frå 67 til 100, derav 2 store konsern med fleire bedrifter. Meir informasjon om desse finnast på https://www.havlandet-as.no/partnarar/

Endring av namn
For å imøtekome ynskje frå DÅS og ikkje verte oppfatta som eit destinasjonsselskap, vart det bestemt å endre namnet som har vore brukt i reiselivsmarknadsføringa frå Visit Havlandet til Opplev Havlandet. Det vil seie at domenet, Facebook- og Instagram-kontoane er endra tilsvarande. Dette vart godt motteke og vi har fått berre positive tilbakemeldingar på dette.

Fosnavågkonferansen 2021
Starta planlegginga av eit opplegg som i utgangspunktet skal vere fysisk konferanse, men kan skalerast ned og evt. gjennomførast også utan publikum (ei slags TV-sending frå studio). Dato er sett til 17. juni 2021.

Høyring Forskings- og utdanningsstrategi Møre og Romsdal fylkeskommune
Innspel til høyringsuttale frå Herøy kommune - Strategien bør også ha ei opning for at der er «mange vegar til Rom»; fornying og innovasjon kan oppstå innan andre konstellasjonar enn allereie etablerte apparat. Korleis kan verkemiddelapparatet fange opp spirar og potensiale frå sidelinjene?

NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre
Havlandet er ein del av koalisjonen NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre saman med Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum, Vanylven Utvikling, Ulstein Næringsforum, Hareid Næringsforum, Vekst i Hareid og Sande kommune v/utviklingsavdelinga. Føremålet med koalisjonen er å etablere samarbeid rundt saker der vi har felles interesser og kan fronte næringslivet på Søre Sunnmøre sterkare i lag enn kvar for oss. Det har vore 2 møter i Næss i perioden.

NæSS - Verkemiddelrådgjevar
NæSS hadde digitalt møte med kommunedirektørane i Sjustjerna 26.mars der idéen om ein felles verkemiddelrådgjevar vart presentert.

Næss – NHO M&R samarbeid for næringspolitiske aktørar
NæSS vart inviterte inn i eit valkampsamarbeid fram mot stortingsvalet i regi av NHO Møre og Romsdal saman med næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund, samt fleire bransjeorganisasjonar. Dette viser at NæSS har lukkast i å etablere seg i ein posisjon som felles næringsorgan for regionen Søre Sunnmøre. Dette gir moglegheiter vi ikkje hadde fått kvar for oss. Daniel Garden (Ulstein Næringsforum) og Merethe H. Flusund (Havlandet) representerer NæSS i valkampsamarbeidet.

Nettverk Samferdsel Sunnmøre
Havlandet er ein del av dette nettverket og har møtt på fleire møter der vi jobbar i fellesskap for viktige samferdselssaker i regionen. Stad Skipstunnel, tilbodet på Ørsta Volda Flyplass Hovden, rutetilbod gjennom Fram Ekspress og Rv15 over Strynefjellet er eksempel på saker vi har jobba med, sendt innspel og fronta i media.

Sunnmøre Friluftsråd
Havlandet har vore pådrivar for at Herøy kommune skulle søke medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd og er svært takksame for at politikarane vedtok at dette skulle inn i budsjettet for 2021. Dette har stor betydning for reiselivsarbeidet Havlandet er sett til å gjere. Reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke vart engasjert som koordinator for arbeidet med å definere, organisere og etablere StikkUT-turane i kommunen og starta dette store prosjektet med intensivt arbeid i januar for å rekke fristane til Sunnmøre Friluftsråd.

Havlandet Aktiv AS
Som ein del av oppdraget til Havlandet AS vart Havlandet Aktiv AS stifta i november 2021. Selskapet har fylgjande føremål: Bygging, utvikling, drift og sal av opplevingsbaserte reiselivsprodukt. Eit interim styre er valt for selskapet og desse jobbar vidare med zipline-prosjektet. Det er forventa at ein kan gå ut til potensielle investorar før sommarferien 2021. Interim styret består av Merethe Hjertø Flusund (styreleiar), Ruben Kvalsvik, Arnstein Lystad og Linn Therese Sævik.

5K-prosjektet
24. mars: Oppstart av andre fase av reiselivssamarbeidet mellom Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven og Herøy i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469, det såkalla 5K-prosjektet. Samarbeidet fungerer godt og det er forventa at andre fase skal føre til endå fleire produktpakkar i regionen. Felles booking-plattform er etablert i https://hivens.no/  Havlandet har opplevingspakkar med aktivitet og overnatting, og aktivitetspakkar som er bookbare gjennom https://hivens.no

Presentasjonar
- Herøy vidaregåande skule - Presentasjon og innspel ifbm Matspire-konkurransen
- Volda Næringsforum – Reiselivssatsinga gjennom Havlandet AS
- Utval for idrett, næring og kultur – Årsrapport og Sunnmøre Friluftsråd
- Ulstein kommune – Rundtur Fosnavåg sentrum og Havlandet-satsinga

Kick-off møter
Digitale kveldsarrangement for reiselivsaktørar og handels- og servicenæringa vart gjennomført i januar. Deltakinga kunne vore betre og noko av det skuldast nok at digitale møter ikkje vert det same som å møtast fysisk. Det vart likevel gjort eit godt arbeid for å legge planar for hovudsesongen for besøkande.

Fylkeskommunen, verkemiddelapparatet og akademia
Fleire møter med fylkeskommunen og verkemiddelapparatet for å presentere Havlandet og undersøke moglegheiter for vekst og utvikling. Næringslivssjefen har også delteke i eit evalueringspanel for eit av studieprogramma ved NTNU Ålesund.

Koronamidlar til lokale bedrifter
Rådgjeving for kommunedirektør/saksbehandlar i forbindelse med behandling av innkomne søknadar.

Skiltløysing/turistinformasjon
Fleire møter med leverandør av informasjonsplattform som kan koplast til fysiske skilt. Det vert jobba med å få til felles skiltløysing for heile eller deler av Søre Sunnmøre slik at regionen framstår som ei heilheit og «likt uniformert» når det gjeld informasjon.

Testpilotar
Det vert jobba med å velje testpilotar for fleire produktpakkar/konsept med forskjellige målgrupper (familiar, vennegjengar, par bedrifter, lag og organisasjonar).

Meir informasjon på digitale plattformer
Heimesider:
https://www.havlandet-as.no/ (Næringsaktørar/-interesserte)
https://www.opplevhavlandet.no/ (Besøkande/turistar)
Facebook:
https://www.facebook.com/havlandetas.no (Havlandet - næring)
https://www.facebook.com/opplevhavlandet.no (Marknadsføring reiseliv)
Instagram:
https://www.instagram.com/opplevhavlandet/ (@opplevhavlandet)
https://www.instagram.com/havlandet_naering/ (@havlandet_naering)
LinkedIn:
https://www.linkedin.com/company/havlandet-as/ (Havlandet – næring)

 

Fosnavåg 31.05.21

Merethe Hjertø Flusund                                                         
Dagleg leiar/Næringslivssjef