Tilsette:                   2 x 100 % stilling (dagleg leiar/næringslivssjef og reiselivsutviklar)

Sjukefråvær:            Null       

Styremøter:             2 styremøter – 8. april og 3. juni – 15 saker

Økonomi:                 I henhold til budsjett

Aktivitet:                 Arrangement og eksterne møter har vore sterkt avgrensa pga. Covid19-restriksjonar. Digitale møter, prosjektarbeid, operasjonelle og administrative oppgåver går som normalt. Fase 2 i gjenopninga gjorde det                                         mogleg å arrangere
                               - Studietur for VIP-vertskap 7. juni
                               - Fosnavågkonferansen 17. juni.
                               - Frokostmøte 22. juni - Informasjon om Havlandet AS og Stiftinga Herøy Næringsforum (der den operative drifta er overført til Havlandet AS)

Herøy kommune:     - 4 mandagsmøter med ordførar, varaordførar og kommunedirektør
                              - 3 møter i Utval for næring, kultur og idrett
                              - 1 presentasjon til kommunestyre ang. StikkUT!
                              - 1 presentasjon til formmanskapet om kommunen si rolle i samband med ynskjet om å satse på reiseliv, og  implementering av fleire turistinformasjonspunkt i kommunen.
                              - Jamn og god kontakt med Sektor samfunnsutvikling, Sektor kultur og oppvekst og Sektor for verksemdstyring

Sunnmøre Friluftsråd:   - Årsmøte 7. april - Medlemsmøte 6. mai

Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS): - Årsmøte 28. april

Partnarar
Frå nyttår til utgangen av juni vart talet på partnarar nesten dobla, frå 67 til 120, derav 2 store konsern med fleire bedrifter. Meir informasjon om desse finnast på https://www.havlandet-as.no/partnarar/

Fosnavågkonferansen 2021
Planlegging og gjennomføring av den årlege Fosnavågkonferansen var ei av hovudoppgåvene dette kvartalet. Mykje tid gjekk med til programplanlegging, annonsering, pressemeldingar, oppfølging av foredragshaldarar, påmelde og andre involverte. Mykje ekstra arbeid på grunn av strenge smittevernrestriksjonar. Svært godt og løysingsorientert samarbeid med hotellet og kommuneoverlegen. Det er også verdt å nemne HerøyLAN, som saman med lydansvarleg på konserthuset, køyrde ei plettfri teknisk gjennomføring, inkludert interaktiv meiningsmåling blant deltakarane. Dette vart trekt fram av både foredragshaldarar og fleire av deltakarane. Konferansen vart arrangert torsdag 17. juni. På grunn av koronarestriksjonar var talet på billettar avgrensa til 100. Konferansen vart fullteikna 3 dagar før og det var venteliste på billettar. Deltakarane sat rundt småbord på faste tilviste plassar og det var avgrensa høve til mingling ved ankomst og i pauser. Det vart likevel veldig gode tilbakemeldingar både på program, form og gjennomføring. Under er der eit utval sitat frå nokre som også tok seg tid til å sende oss ein e-post i etterkant: - Skryt, skryt, skryt, skryt!! Før Covid så var eg utskremt frå XX til konferansar både i inn og utland. Sjølv med Coronarestriksjonar, så var dette ein topp 3 konferanse.  Og det er ikkje tull.  - Ei veldig bra og profesjonelt gjennomført konferanse (eg har vore på ganske mange, og dette var heilt klart ei av dei betre!). - Fin konferanse. Gode innlegg. Ledig og fin programleiing etc. Likte forma og lengda på innlegga. Berre stas !

NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre
Havlandet er ein del av koalisjonen NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre saman med Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum, Vanylven Utvikling, Ulstein Næringsforum, Hareid Næringsforum, Vekst i Hareid og Sande kommune v/utviklingsavdelinga. Føremålet med koalisjonen er å etablere samarbeid rundt saker der vi har felles interesser og kan fronte næringslivet på Søre Sunnmøre sterkare i lag enn kvar for oss. Det har ikkje vore møter i NæSS i perioden, men vi har vore aktive gjennom samarbeidet med NHO (sjå under).

Næss – NHO M&R samarbeid for næringspolitiske aktørar
NæSS vart inviterte inn i eit valkampsamarbeid fram mot stortingsvalet i regi av NHO Møre og Romsdal saman med næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund, samt fleire bransjeorganisasjonar. Dette viser at NæSS har lukkast i å etablere seg i ein posisjon som felles næringsorgan for regionen Søre Sunnmøre. Dette gir moglegheiter næringsforeiningane ikkje hadde fått kvar for seg. Daniel Garden (Ulstein Næringsforum) og Merethe H. Flusund (Havlandet) representerer NæSS i valkampsamarbeidet. I mai vart det gjennomført 4 digitale politikartreff der listetoppane frå alle fylkespartia fekk presentere sin næringspolitikk. Frå 20. mai til 24. juni vart det gjennomført 5 digitale torsdagslunsjar der representantar frå næringslivet i fylket innleia til debatt med politikarar og deltakarar med sine synspunkt rundt næringspolitikk, inkludert utfordringar dei møter i kvardagen. Fram til utgangen av juni var det heile 33 digitale møter på 30-60 minutt for å planlegge og gjennomføre desse digitale politikar/næringslivstreffa. I august er det klart for bedriftsrunden. Politikarane kjem til Søre Sunnmøre 24. august i høve bedriftsrunden. Opptak av alle arrangementa kan de finne i denne lenka: https://www.nho.no/regionkontor/nho-more-romsdal/arrangementer/valg-21

Kommunalt næringsfond
Frå nyttår til utgangen av juni har det kome 7 søknadar til kommunalt næringsfond. 5 har fått støtte, 1 har fått avslag og 1 har fått tilbakemelding om manglar ved søknaden og oppmoding om å sende den på nytt etter oppdatering. Utvalet for næring, kultur og idrett har bede Kontrollutvalet gjere ei juridisk vurdering av om Havlandet kjem i ei dobbeltrolle som saksbehandlar sidan ein del av inntektene til Havlandet er i form av marknadsbidrag frå bedrifter i Herøy. Havlandet har i løpet av 2020 og hittil i 2021 behandla 31 søknadar til kommunalt næringsfond.

Koronamidlar til lokale bedrifter
Rådgjeving for kommunedirektør/saksbehandlar i forbindelse med behandling av innkomne søknadar i april og juni.

Skiltløysing/kommuneinformasjon
Fleire møter med leverandør av informasjonsplattform som kan koplast til fysiske skilt. Det vert jobba med å få til felles skiltløysing for heile eller deler av Søre Sunnmøre slik at regionen framstår som ei heilheit og «likt uniformert» når det gjeld informasjon. Det er planlagt møter med nabokommunar over sommarferien.

Havlandet Aktiv AS
Som ein del av oppdraget til Havlandet AS vart Havlandet Aktiv AS stifta i november 2021. Selskapet har fylgjande føremål: Bygging, utvikling, drift og sal av opplevingsbaserte reiselivsprodukt. Eit interim styre er valt for selskapet og desse jobbar vidare med zipline-prosjektet. Det er utarbeidd ein presentasjon for bankfinansiering og det er forventa at ein kan gå ut til potensielle investorar rett over sommaren 2021. Interim styret består av Merethe Hjertø Flusund (styreleiar), Ruben Kvalsvik, Arnstein Lystad og Linn Therese Sævik.

Sunnmøre Friluftsråd og StikkUT!
Havlandet har vore pådrivar for at Herøy kommune skulle søke medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd og er glade for at politikarane vedtok at dette skulle inn i budsjettet for 2021. Dette har stor betydning for reiselivsarbeidet Havlandet er sett til å gjere. Reiselivsutviklar Hilde Gråberg Bakke vart engasjert som koordinator for arbeidet med å definere, organisere og etablere StikkUT-turane i kommunen. Ein stor jobb vart lagt ned i lag med lokale StikkUT-vertar for å få alt klart før oppstart av tur-registrering 1. mai. Dette vart markert med ordførartur på Herøy Gard.

5K-prosjektet i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS)
Fase 2 av reiselivssamarbeidet mellom Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven og Herøy i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469, det såkalla 5K-prosjektet, er i gong. Samarbeidet fungerer godt mellom dei aktørane som har engasjert seg i prosjektet, og det finst pr dato 28 produktpakkar i regionen registrert på den felles booking-plattforma https://hivens.no/, 9 av desse er levert av aktørar i Herøy. Det er verdt å merke seg at mange aktivitetar og pakkar ikkje ligg på denne plattforma av ymse grunnar, men tilboda vert marknadsførte av aktørane sjølve. Havlandet-partnarar vert marknadsførte gjennom Opplev Havlandet si nettside.

Digital opplæring i kompetanseportalen VisitMR
Den 11. juni vart det gjennomført 5 digitale kurs i regi av 5K-prosjektet.  Reiselivsutviklar deltok på alle kursa, og representerte aktørane i Havlandet sine tilbod og interesser.

Kick-off, møter og vertskapsinformasjon
Handelsstanden – møte for handelsutvikling 21. april  - gode verkty for handelsstanden, og arbeid med implementering av elektroniske gåvekort.  Det er gjennomført ei rekke partnarmøter gjennom perioden, både for å bistå partnarane i ulike utfordringar, men også møter med nye partnarar.

Møter med verkemiddelapparatet
Møter med næringsavdelinga og kulturavdelinga ved M&R Fylkeskommune, samt Innovasjon Norge for avklaring rundt framtidige søknadar til utviklingsprosjekt i Havlandet som gjeld reiseliv, attraksjonar, samfunnsutvikling og handel.

Norwegian Travel Workshop
Den årlege NTW-messa var også i år digital og vart arrangert 14. og 15. april. Reiselivsutviklar  hadde fullpakka kalendar med avtalar over 2 dagar og presenterte Havlandet til ca. 15 reiselivselskap i Norge og utlandet. Desse gav svært positive tilbakemeldingar på det som vart presentert og det vart knytt kontaktar for besøk i Havlandet for framtida. Mange turoperatørar har nytta Fosnavåg og Runde gjennom mange år, men var imponerte over det store tilbodet som vart presenterte til dei i møta.

Turistinformasjon
Havlandet vart spurt av Herøy kommune om å ta ansvar for å gjennomføre opplæring og informasjon til personell på dei 4 offisielle stadane som har fått oppgåva med turistinformasjon: Servicetorget Herøy kommune, Thon Hotel Fosnavåg, Runde Miljøsenter (Opplev Runde) og Herøy Gard.  Det vart gjennomført 2 opplæringsrundar på Teams, og til saman har ca.15 informasjonsvertar fått opplæring i å vere ein god vert.  Eit opptak frå første Teamsmøtet er distribuert til leiarane for seinare bruk.

Studietur for VIP-vertskap i Havlandet
7. juni arrangerte Havlandet studietur for VIP-vertskap for å gjere seg kjende med tilbodet i eigen region. 25 deltakarar frå reiselivsaktørar i Herøy deltok.  Les meir her: https://www.vestlandsnytt.no/nyhende/2021/06/08/%E2%80%93-Det-handlar-om-%C3%A5-kjenne-produktet-sitt-24092263.ece

Testpilotar - reiseliv
7 testpilotar har testa fleire produktpakkar og kome med sine erfaringar som gjest i Havlandet. Dei ansvarlege for pakkane har fått tilbakemelding på kva dei er gode på og kva dei kan forbetre. Testpilotane bidreg med bilete og sitat som vil verte brukt i marknadsføringa av Havlandet framover.

Marknadsføring av Havlandet som reisemål
I hovudsak er marknadsføringa av Havlandet gjennom sosiale media, i år med hovudvekt på Facebook, der det er har kjøpt annonsering gjennom sommaren med til saman 450 000 visningar i perioden. Det er i tillegg inngått samarbeid med ein mikroinfluensar for å få fart på Instagramkontoen @opplevhavlandet.  Det er også kjøpt annonser i sommarutgåva til Vestlandsnytt, i Båtmagasinet, Båtens Verden og i bubilmagasinet Din Fritid, alle med gode redaksjonelle omtalar av Havlandet.  Heimesida har aukande besøk. 

Dugnadsarbeid
Det vart mobilisert til vårreingjering av sentrum 9. juni og både brannvesen, butikkdrivarar, utleigarar og privatpersonar bidrog nokre timar ein fin ettermiddag. Før ferien vart folk også inviterte til å melde seg som Havlandet-vertar. Desse har stelt blomar, plukka rusk og ikkje minst vist interesse for dei som besøker Fosnavåg enten dei er på hotell eller kjem med bubil, buss eller båt. Det er mange velvillige personar som ynskjer å bidra. Det såg vi også når StikkUT-prosjektet skulle etablerast. Det skaper samhald og stoltheit å bidra til at både innbyggarar og gjestar trivast i kommunen.

Meir informasjon på digitale plattformer
Heimesider:
https://www.havlandet-as.no/ (Næringsaktørar/-interesserte)
https://www.opplevhavlandet.no/ (Besøkande/turistar)
Facebook:
https://www.facebook.com/havlandetas.no (Havlandet - næring)
https://www.facebook.com/opplevhavlandet.no (Marknadsføring reiseliv)
Instagram:
https://www.instagram.com/opplevhavlandet/ (@opplevhavlandet)
https://www.instagram.com/havlandet_naering/ (@havlandet_naering)
LinkedIn: https://www.linkedin.com/company/havlandet-as/ (Havlandet – næring)

 

Fosnavåg 23.08.21

Merethe Hjertø Flusund
Dagleg leiar/Næringslivssjef