Tilsette:                   2 x 100 % stilling (dagleg leiar/næringslivssjef og reiselivsutviklar)

Sjukefråvær:            Null       

Styremøter:             1 styremøte – 26. august – 8 saker                                                      
                               Generalforsamling 31. august

Økonomi:                 I henhold til budsjett

Aktivitet:                 Det vart avvikla ferie gjennom juli og delar av august. Restriksjonane vart gradvis letta på og arrangement og eksterne kunne endeleg gjennomførast på ordinært vis etter gjenopninga 25. september. 
                               Fylgjande arrangement vart gjennomført
                               - Statsrådbesøk 14. juli - Heildags bedriftsrunde og fiskartreff
                               - Bedriftsbesøk i samarbeid med NHO og NæSS 24. august
                               - NæringsPUB 2. september
                               - Informasjonsmøte om zipline-prosjektet 2. september
                               - Dialogmøte ang. Herøy kommune sin innkjøpsstrategi 22. september

Eksterne arr.:           - 19. August – Berg-Hansen firmakundearrangement
                               - 20. september - Mandagsklubb Fosnavåg Shippingklubb -
                               - 23. september - NCE Blue Maritime – Maritim Klyngekonferanse
                               - 7. - 8. september – Reiselivskonferanse Svolvær
                               - 23. september – Opplevingsfestivalen i Molde
                               - 28. september – Verkstadsamling – Reiselivsprosjektet for Søre Sunnmøre

Herøy kommune:     - 3 mandagsmøter med ordførar, varaordførar og kommunedirektør
                              - 1 møte i Utval for næring, kultur og idrett
                              - 8. september - Dialogmøte kommune og næringsliv - Mjølstadneset
                              - 22. september - Dialogmøte kommune og næringsliv – Innkjøpsstrategi
                              - Jamn og god kontakt med Sektor samfunnsutvikling, Sektor kultur og oppvekst og Sektor for verksemdstyring

Partnarar
Frå nyttår til utgangen av juni vart talet på partnarar nesten dobla, frå 67 til 120, derav 2 store konsern med fleire bedrifter. Pr. 30. september er talet på partnar-bedrifter 124. Meir informasjon om desse finnast på https://www.havlandet-as.no/partnarar/

Kommunalt næringsfond
Frå nyttår til utgangen av september har det kome 13 søknadar til kommunalt næringsfond. 9 har fått støtte, 3 har fått avslag og 1 har fått tilbakemelding om manglar ved søknaden og oppmoding om å sende den på nytt etter oppdatering.

Dialogmøte – næringsliv og kommune – Innkjøpsstrategien
Herøy kommune og Havlandet hadde 22 september eit dialogmøte med lokalt næringsliv om Herøy kommune sin innkjøpsstrategi. Møtet vart innleidd med at Havlandet gav ein presentasjon av Havlandet sine oppgåver og mål, samt innspelet Havlandet gav i samband med utarbeidinga av innkjøpsstrategien. Herøy kommune ved innkjøpar Jan Driveklepp gjekk gjennom den vedtekne innkjøpsstrategien, og det vart fokusert på dei målsetjingar som er sett i denne.

NHO ved advokat Arnhild Gjønnes heldt ein presentasjon om temaet – Korleis legge til rette for at lokale leverandørar kan delta i konkurranse om offentlege oppdrag. Ho var tilstades via Teams gjennom heile møtet, og svarte og på spørsmål frå salen.

Etter presentasjonane vart det opna for spørsmål og innspel frå salen. Av innspel som kom inn kan det nemnast:

  • Ynskjeleg med god dialog tidleg og i forkant av konkurransen
  • Kommunen må nytte fleire av dei lokale leverandørane.
  • Prosjekt bør kvalitetssikrast betre. Sterke miljøkrav vil medføre auka kostnader. Viktig med lokalkunnskap.
  • Samarbeidsavtalen med Ålesund om innkjøp bør vurderast.
  • Det er ønskeleg at kriterier som samfunnsansvar vert vektlagt i anbodskonkurransar.
  • Kommunen bør etablere ein database med oversikt over lokale leverandørar
  • Viktig at den dialogen som no er etablert, vert vidareført og utvikla.
  • Ordførar sette fram ønske om at NHO held sin presentasjon i eit kommunestyremøte

Regiondirektør i NHO Møre og Romsdal har i etterkant teke kontakt og vil gjerne samarbeide om eit arrangement for heile Søre Sunnmøre med dette som tema. Havlandet held tråden og jobbar med å få til eit slikt felles arrangement saman med 7-stjerna og KS. Havlandet vurderer også tilbod til næringslivet om kursing når det gjeld offentlege anbod.

Uttalar - Generell uttale til Herøy kommune om utvikling av reiseliv og næringsliv 27.08.21 - Uttale til Møre og Romsdal Fylkeskommune om YSK Reiseliv ved Herøy vidaregåande skule   

Statsrådbesøk – Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen Nærings- og fiskeridepartementet tok kontakt med førespurnad om Havlandet, på kort varsel, kunne sette i hop eit program i høve statsråd Odd-Emil Ingebrigtsen si planlagde rundreise i Møre og Romsdal. Det er slett ikkje kvart år ein minister og to stortingsrepresentantar, med eit stort fylgje av lokale politikarar, set av ein heil dag for å få orientering om næringslivet i Herøy, så her var det berre å hive seg rundt og mobilisere. Det gjekk ikkje lenge før ei lang rekke bedrifter hadde takka ja til å ta imot statsråden, sjølv  midt i ferieavviklinga til alle saman. Dette gjorde at det var mogleg å sette i hop eit godt og variert opplegg for statsråden, i samråd med departementet. Desse bedriftene vart besøkte: Fosnavaag Pelagic AS, Teige Rederi AS, ringnotbåten M/S Smaragd, Runde Miljøsenter og Havforskningsinstituttet, Havopplevelse med M/B Olden, Mowi Eggesbønes, MMC First Process AS og Egersund Herøy AS. I samarbeid med Søre Sunnmøre Fiskarlag og Herøy Høgre vart det også arrangert fiskartreff på Thon Hotel Fosnavåg, der nær 30 fiskarar og fiskebåtreiarar tok turen. Herøy var den einaste kommunen som fekk ein heil dag av eit tre dagars program i Møre og Romsdal. Dette var mogleg fordi vi har eit variert og imponerande næringsliv som viser ei breidde som fiskeriministeren kan få servert nærast «samla på eit brett». Vi kan med stoltheit seie at Herøy er staden å kome til for dei som har ansvaret for å utforme ein framtidsretta nærings- og sjømatpolitikk, og Havlandet vil ta kontakt med departementet med ein open invitasjon til den nye statsråden.

Filmprosjekt Storm Film AS tok kontakt i juli ang. diverse tenester i høve deira oppdrag som koordinator for den planlagde innspelinga av ein utanlandsk spelefilm i området frå medio august til medio oktober. Denne kontakta og aktiviteten vart underlagt teieplikt. Havlandet si oppgåve har vore å vise fram aktuelle lokasjonar, opprette kontakt med, og/eller vise til, relevante leverandørar av naudsynte varer og tenester i forkant og gjennom prosjektet, samt vere bindeledd til etatar i kommune og fylke på infrastruktur og diverse løyve. Filmprosjektet har gjennom fleire veker denne hausten ført til auka aktivitet for fleire næringsaktørar i kommunen og regionen. Tilbakemeldingane har vore svært positive.

YSK Reiseliv ved Herøy vidaregåande skule Det vert arbeida med å opprette eit tilbod om YSK Reiseliv (Yrkesretta studiekompetanse – 4-årig vidaregåande utdanning) ved Herøy vidaregåande skule. Det har vore fleire møter med fylket, skulen og næringsaktørar. Fleire store reiselivsaktørar vil tilby lærling- og praksisplassar om det lukkast å få oppretta dette tilbodet. Næringa, skulen og fylket er einige om at dette er realistisk først hausten 2023, då tilbodet må gjennom ein godkjenningsprosess før ein kan starte marknadsføring og rekruttering til denne linja. Havlandet er også i gong med å undersøke interessa for etablering av eit opplæringskontor for reiseliv. Fleire næringsaktørar har gitt positiv tilbakemelding på dette.

NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre Havlandet er ein del av koalisjonen NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre saman med Ørsta Næringskontor, Volda Næringsforum, Vanylven Utvikling, Ulstein Næringsforum, Hareid Næringsforum, Vekst i Hareid og Sande kommune v/utviklingsavdelinga. Føremålet med koalisjonen er å etablere samarbeid rundt saker der vi har felles interesser og kan fronte næringslivet på Søre Sunnmøre sterkare i lag enn kvar for oss. Det har ikkje vore møter i NæSS i perioden, men vi har vore aktive gjennom samarbeidet med NHO (sjå under).

Næss – NHO M&R samarbeid for næringspolitiske aktørar NæSS vart inviterte inn i eit valkampsamarbeid fram mot stortingsvalet i regi av NHO Møre og Romsdal saman med næringsforeiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund, samt fleire bransjeorganisasjonar. Dette viser at NæSS har lukkast i å etablere seg i ein posisjon som felles næringsorgan for regionen Søre Sunnmøre. Dette gir moglegheiter næringsforeiningane ikkje hadde fått kvar for seg. Daniel Garden (Ulstein Næringsforum) og Merethe H. Flusund (Havlandet) har representert NæSS i valkampsamarbeidet. Før sommarferien vart det gjennomført 4 digitale politikartreff og 5 digitale torsdagslunsjar der representantar frå næringslivet i fylket innleia til debatt med politikarar og deltakarar med sine synspunkt rundt næringspolitikk, inkludert utfordringar dei møter i kvardagen. 24. august var det klart for bedriftsrunden på Søre Sunnmøre. Av praktiske årsaker vart dei aktuelle bedriftene samla i Gursken og Ørsta. Her møtte politikarane fylgjande bedrifter: Myklebust Verft, Marin Teknikk, Ulmatec, Fora Form, Vik Ørsta, Furene og Oclin. Opptak av alle arrangementa kan de finne i denne lenka: https://www.nho.no/regionkontor/nho-more-romsdal/arrangementer/valg-21

Havlandet Aktiv AS Som ein del av oppdraget til Havlandet AS vart Havlandet Aktiv AS stifta 17. november 2020. Selskapet har fylgjande føremål: Bygging, utvikling, drift og sal av opplevingsbaserte reiselivsprodukt. Interim styret består av Merethe Hjertø Flusund (styreleiar), Ruben Kvalsvik, Arnstein Lystad og Linn Therese Sævik. Etter møte med bankar og informasjonsmøte med potensielle investorar vart det bestemt at ein skulle søke RDA-midlar og, om ein fekk positivt vedtak, endre vedtektene til eit såkalla non profit selskap. Vedtak om tildeling av 3 millionar kroner i RDA-midlar vart gjort av utval for næring, kultur og idrett 28. september, med atterhald om vedtektstendring. Dette vil også gjere det mogleg å søke andre gåvemidlar og offentlege midlar. Arbeidet med dette er i gong.

Sunnmøre Friluftsråd og StikkUT! Havlandet har vore pådrivar for at Herøy kommune skulle søke medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd og er glade for at politikarane vedtok at dette skulle inn i budsjettet for 2021. Dette har stor betydning for reiselivsarbeidet Havlandet er sett til å gjere. Reiselivsutviklar i Havlandet er engasjert av kommunen som koordinator for arbeidet med å definere, organisere og etablere StikkUT-turane i kommunen, sommar og vinter.

5K-prosjektet i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS) Fase 2 av reiselivssamarbeidet mellom Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven og Herøy i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469, det såkalla 5K-prosjektet, går sin gong. Samarbeidet fungerer godt mellom dei aktørane som har engasjert seg i prosjektet, og det finst pr dato 28 produktpakkar i regionen registrert på den felles booking-plattforma https://hivens.no/, 9 av desse er levert av aktørar i Herøy. Det er verdt å merke seg at mange aktivitetar og pakkar ikkje ligg på denne plattforma av ymse grunnar, men tilboda vert marknadsførte av aktørane sjølve. Havlandet-partnarar vert marknadsførte gjennom Opplev Havlandet si nettside.

Skiltløysing/kommuneinformasjon Havlandet AS har etter fleire møter med ein leverandør av ein digital informasjonsplattform som kan koplast til fysiske skilt, bestilt 5 slike til plassering rundt om i kommunen. Det vert jobba med å få til felles skiltløysing for heile eller deler av Søre Sunnmøre slik at regionen framstår som ei heilheit og «likt uniformert» når det gjeld informasjon. Det er planlagt møter med nabokommunar i oktober.

Opplæring av tilsette ved satellitt-turistkontor i Herøy

Etter oppmoding frå Havlandet, stilte Herøy kommune med ein økonomisk kompensasjon for å kunne opprette sommaropne turistinformasjonar på Herøy Gard, Thon Hotel Fosnavåg og Runde Miljøsenter for sommarsesongen 2021.  På oppdrag frå Herøy kommune fekk reiselivsutvikler i Havlandet i oppgåve å lære opp dei tilsette ved satelittkontora, slik at dei i størst muleg grad skulle kjenne til tilboda i Herøy, og vere eit godt vertskap for gjestane.

Infrastruktur til å ta i mot besøkande Når vi gjennom reiselivssatsinga inviterer fleire til å kome til vår kommune, må vi også kunne tilby tilstrekkeleg og god infrastruktur. Det vert jobba med å få fleire ladepunkt til Herøy, samt betre skilting, parkering, toalettfasilitetar etc. i samarbeid med Herøy kommune.

Marknadsføring av Havlandet som reisemål I hovudsak er marknadsføringa av Havlandet gjennom nettsida og sosiale media, i år med hovudvekt på Facebook og Instagram. Arbeidet med omsetting av norsk tekst på heimesida og Voice of Norway-appen til engelsk er i gong. I tillegg er det utarbeidd eit kart over Herøy kommune og Fosnavåg sentrum som viser handel, overnatting, camping, offentlege toalett, tømestasjonar, ladepunkt, apotek, lege, tannlege osv. Blokker av desse karta vert delte ut til relevante partnarbedrifter. Det er også utarbeidd ein mal for Instagram-skilt, der det første skal monterast på Vågsplassen i Fosnavåg. Avtalar om redaksjonell omtale vert som regel gjort ved annonsering i lokale og landsdekkande magasin.

Havlandet og Fosnavåg for møter med opplevingar Havlandet vart invitert av reisebyrået Berg-Hansen til å presentere Havlandet og Fosnavåg som reisemål for deira firmakundar som skulle planlegge møter og konferansar. Dette vart gjort i form av ein film der reiselivsutviklaren presenterte nokre av moglegheitene ein har i dette området om ein vel Fosnavåg og Havlandet som stad for konferanse, kurs, teambuilding, kundeseminar, årsmøte eller andre arrangement. Fosnavåg og Havlandet vart presentert i det digitale kundemøtet som ein av 5 destinasjonar i landet som Berg-Hansen anbefalar sine firmakundar innanfor event-/arrangement-segmentet.

Reiselivskonferanse Mykje tid har gått med til planlegging og førebuing til Reiselivskonferansen i Fosnavåg 2021 den 21. oktober. Mange store namn innanfor reiselivsbransjen har takka ja til å ta del i eit breitt og variert program. Havlandet har, som ledd i arbeidet med å skape tettare kontakt mellom næringsliv og utdanning, invitert elevane frå Restaurant og matfag på Herøy vidaregåande og elevane ved Sal, service og reiseliv ved Ulstein vidaregåande skule, til konferansen. Målet er å arrangere denne konferansen kvar haust.

Dugnadsarbeid Havlandet-vertane har vore synlege i bybildet, og aktive gjennom sommaren og tatt spesielt godt vare på båtgjestar og bubilgjestar,  så langt det har vore mogleg. Dette tiltaket har vorte svært godt teke imot av besøkande og vi håper å få endå fleire Havlandet-vertar med på laget til våren.

Stikk UT!-vertane rundt om i bygdene er til stor hjelp i arbeidet med å definere og tilrettelegge Stikk UT!-turane med skilt og merking, då nokre av desse vert endra frå år til år, og sommarturane ofte er andre enn Stikk UT!-vinterfotturane. TV-aksjonen 2021 TV-aksjonen 2021 går til Plan International sitt arbeid for å bekjempe barneekteskap. Næringslivssjefen representerer næringslivet i den lokale TV-aksjonskomiteen. Det er bl.a. oppretta spleis-aksjonar, butikkgruppa er engasjert og det skal arrangerast ein stafett for å få inn pengar til aksjonen. Næringslivet vert oppmoda til å støtte aksjonen.

Meir informasjon på digitale plattformer Heimesider: https://www.havlandet-as.no/ (Næringsaktørar/-interesserte) https://www.opplevhavlandet.no/ (Besøkande/turistar) Facebook: https://www.facebook.com/havlandetas.no (Havlandet - næring) https://www.facebook.com/opplevhavlandet.no (Marknadsføring reiseliv) Instagram: https://www.instagram.com/opplevhavlandet/ (@opplevhavlandet)

https://www.instagram.com/havlandet_naering/ (@havlandet_naering) LinkedIn: https://www.linkedin.com/company/havlandet-as/ (Havlandet – næring)

Fosnavåg 15.10.21

Merethe Hjertø Flusund                                                                             Dagleg leiar/Næringslivssjef