Tilsette:          2 x 100 % stilling (dagleg leiar/næringslivssjef og reiselivsutviklar)

Sjukefråvær:     Null      

Styremøter:      2 styremøte – 19. oktober og 25. november – 8 saker 

Økonomi:          I henhold til budsjett

Aktivitet:          Restriksjonane som vart letta på i slutten av september vart innstramma igjen i desember.
                     Planlagde, men avlyste arrangement:
                     - 14. desember - Julefrukost med tema «Bedrifter i vekst»
                     - 8. desember - Arr. i samarbeid med Hoppid og Innovasjon Norge.
                     I tillegg enda førebuingane til 2 større arrangement i januar i utsettingar på ubestemt tid.
                     Det eine, i samarbeid med Kvale Advokatfirma, vil gå digitalt, og nytt forsøk på fysisk
                     arrangement blir til våren. Det andre, i samarbeid med NHO Møre og Romsdal og KS,
                     vert vurdert gjennomført i februar. 

                        Fylgjande arrangement vart gjennomført:
                       - 21. oktober – Reiselivskonferansen i Fosnavåg
                       - 7. oktober - NæringsPUB
                       - 4. november – NæringsPUB
                       - 17. november – Drodletreff - Handelsutvikling
                       - 2. desember - NæringsPUB

Eksterne arr.:      - 8. oktober – Fosnavåg Shippingklubb – Middag med program
                      - 20. oktober - Leiarkonferansen i Ulsteinvik
                      - 24. oktober – TV-aksjonen
                      - 9.-11. november – Innovasjonsfestivalen på Åndalsnes
                      - 15. november – Fosnavåg Shippingklubb – mandagsklubb
                      - 18. november - Gurskenkonferansen

Herøy kommune: - 3 mandagsmøter med ordførar, varaordførar og kommunedirektør
                       - 1 møte i Utval for næring, kultur og idrett
                       - 1 møte med Ungdomsrådet
                       - Jamn og god kontakt med Sektor samfunnsutvikling, Sektor kultur og oppvekst
                         og Sektor for verksemdstyring

Andre:             - 26. oktober - Sparebanken Møre – presentasjon av Havlandet til avdelingsleiarane
                                         på næring Søre Sunnmøre
                    - 26. oktober – Senioruniversitetet i Herøy – presentasjon av Havlandet
                    - 27. oktober - Volda kommune – presentasjon og erfaringsutveksling med
                                       avd. for samfunnsutvikling
                    - 4. november – Herøy vgs – deltok som del av dommarpanel i førebuingane til
                                         Tine sin kokkekonkurranse (elevane vann den ekte konkurransen)

Partnarar
Pr. 31. desember er talet på partnar-bedrifter 128 – frå 67 i fjor. Meir informasjon om desse finnast på https://www.havlandet-as.no/partnarar/

Kommunalt næringsfond
I 2021 har det kome 17 søknadar til kommunalt næringsfond. 12 har fått støtte, 4 har fått avslag og 1 har fått tilbakemelding om manglar ved søknaden og oppmoding om å sende den på nytt etter oppdatering.

Offentleg innkjøp
Herøy kommune og Havlandet hadde 22. september eit dialogmøte med lokalt næringsliv om Herøy kommune sin innkjøpsstrategi (sjå førre kvartalsbrev for meir informasjon).
Regiondirektør i NHO Møre og Romsdal har i etterkant av innkjøpsmøtet i september teke kontakt og vil gjerne samarbeide om eit arrangement for heile Søre Sunnmøre med offentleg innkjøp som tema. Havlandet har lagt planar for dette arrangementet i samarbeid med NHO Møre og Romsdal og KS. Arrangementet skulle gå av stabelen 24. januar, men dette er utsett inntil vidare pga. restriksjonar.

Statsrådbesøk
Havlandet kontakta nærings- og fiskeridepartementet rett etter regjeringsskiftet for å melde vår interesse i å få besøk frå dei nye statsrådane i departementet og få presentere næringslivet i Herøy. Ordføraren følgde opp med ein formell invitasjon frå Herøy kommune.

Filmprosjekt
Storm Film AS avslutta sitt 2 månader lange filmprosjekt i Herøy i oktober og var veldig fornøgde. Spesielt fornøgde var dei med gjestfriheita og servicen både hotellet, næringslivet og innbyggarane viste. Og ikkje minst at deira ynskje om diskresjon vart respektert. Vi ventar i spenning på resultatet.

YSK Reiseliv ved Herøy vidaregåande skule
Fylket har vedteke at eit tilbod om YSK Reiseliv (Yrkesretta studiekompetanse – 4-årig vidaregåande utdanning) ved Herøy vidaregåande skule skal vurderast frå hausten 2023. Det har vore fleire møter med fylket, skulen og næringsaktørar. Fleire store reiselivsaktørar vil tilby lærling- og praksisplassar om dette tilbodet kjem i gang. Næringa, skulen og fylket var einige om at dette var realistisk først hausten 2023, då tilbodet må gjennom ein godkjenningsprosess før ein kan starte marknadsføring og rekruttering til denne linja.

NæSS – Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre
Havlandet representerer NæSS i eit næringspolitisk samarbeid i regi av NHO Møre og Romsdal. Samarbeidsnettverket består av NHO Møre og Romsdal, LO Møre og Romsdal, næringsforeiningane i Ålesund, Molde, Kristiansund og Søre Sunnmøre, samt interesseorganisasjonane MAFOSS, Nelfo, Martimt Forum Nordvest, Sjømat Norge. Nettverket har regelmessige møter med Mørebenken.

Havlandet Aktiv AS
Som ein del av oppdraget til Havlandet AS vart Havlandet Aktiv AS stifta 17. november 2020. Vedtektene vart endra (jfr. non-profit selskap) og Herøy Næringsforum tok over eigarskapet av selskapet gjennom ein aksjekjøpsavtale 19. oktober. Selskapet har fylgjande føremål: Bygging, utvikling, drift og sal av opplevingsbaserte reiselivsprodukt. Interim styret består av Merethe Hjertø Flusund (styreleiar), Ruben Kvalsvik, Arnstein Lystad og Linn Therese Sævik. Bankar og investorar er positive og finansieringa er no godt over 80 %. Naudsynte dispensasjonar for bygging av utkikstårnet vart gitt. Det er kome klage på vedtaket innanfor klagefristen og saka vert sendt over til Statforvaltaren så snart det er handsama på nytt politisk. Prosjektet elles går sin gang. Risikoanalyse er utført og arbeidet med utvikling av sikkerheitsprosedyrer for godkjenning og sertifisering er i gang.

Sunnmøre Friluftsråd og StikkUT!
Medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd har stor betydning for reiselivsarbeidet Havlandet er sett til å gjere. Reiselivsutviklar i Havlandet er engasjert av kommunen som koordinator for arbeidet med å definere, organisere og etablere StikkUT-turane i kommunen, sommar og vinter. Det er etablert 8 vinterfotturar i Herøy.

5K-prosjektet i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre (DÅS)
Fase 2 av reiselivssamarbeidet mellom Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven og Herøy i regi av Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og 2469, det såkalla 5K-prosjektet, går sin gong. Samarbeidet fungerer godt mellom dei aktørane som har engasjert seg i prosjektet, og det finst pr dato 28 produktpakkar i regionen registrert på den felles booking-plattforma https://hivens.no/, 9 av desse er levert av aktørar i Herøy. Det er verdt å merke seg at mange aktivitetar og pakkar ikkje ligg på denne plattforma av ymse grunnar, men tilboda vert marknadsførte av aktørane sjølve. Havlandet-partnarar vert marknadsførte gjennom Opplev Havlandet si nettside.

Skiltløysing/kommuneinformasjon
Havlandet AS har i samarbeid med leverandør utvikla ei digital informasjonsplattform som er kopla til 5 fysiske skilt plassert rundt om i kommunen. 2 av dei er monterte på Jensholmen og på Vågsplassen, dei 3 siste vert monterte til våren i Myrvåg, på Leikongeidet og i Goksøyra. Det vert jobba med å få til felles skiltløysing for heile eller deler av Søre Sunnmøre slik at regionen framstår som ei heilheit og «likt uniformert» når det gjeld informasjon. Møter med interesserte nabokommunar vart halde i oktober.

Infrastruktur til å ta i mot besøkande
Når vi gjennom reiselivssatsinga inviterer fleire til å kome til vår kommune, må vi også kunne tilby tilstrekkeleg og god infrastruktur. Det vert jobba med å få fleire ladepunkt til Herøy, samt betre skilting, parkering, toalettfasilitetar etc. i samarbeid med Herøy kommune.

Marknadsføring av Havlandet som reisemål
I hovudsak har marknadsføringa av Havlandet gått gjennom nettsida og sosiale media, i år med hovudvekt på Facebook og Instagram. Heimesida og historiene på Voice of Norway-appen er no oversett til engelsk. I tillegg er det utarbeidd eit kart over Herøy kommune og Fosnavåg sentrum som viser handel, overnatting, camping, offentlege toalett, tømestasjonar, ladepunkt, apotek, lege, tannlege osv. Blokker av desse karta er delte ut til relevante partnarbedrifter. Det er også montert eit Instagram-skilt på Vågsplassen i Fosnavåg. Avtalar om redaksjonell omtale vert som regel gjort ved annonsering i lokale og landsdekkande magasin.

Havlandet og Fosnavåg for møter med opplevingar
Fosnavåg og Havlandet er ein av fem destinasjonar i landet som Berg-Hansen anbefalar sine firmakundar innanfor event-/arrangement-segmentet. Det vert jobba med marknadsføringskampanje til forretnings- og foreningsmarknaden.

Reiselivskonferanse
Reiselivskonferansen i Fosnavåg 2021 vart arrangert den 21. oktober. Mange store namn innanfor reiselivsbransjen stod på programmet. Om lag 100 personar deltok, deriblant elevane frå Restaurant og matfag på Herøy vidaregåande og elevane ved Sal, service og reiseliv ved Ulstein vidaregåande skule. Målet er å arrangere denne konferansen kvar haust.

TV-aksjonen 2021
TV-aksjonen 2021 gjekk til Plan International sitt arbeid for å bekjempe barneekteskap. Næringslivssjefen representerte næringslivet i den lokale TV-aksjonskomiteen. Næringslivet vert oppmoda til å støtte aksjonen gjennom ein SMS-invitasjon frå ordføraren. Komiteen var fornøgd med resultatet av innsamlinga.

Felles nyttårsfyrverkeri i Fosnavåg
Etter at vi måtte avblåse planane i fjor pga. smittevernrestriksjonar, henta vi fram att planane om eit felles fyrverkeri i Fosnavåg i år. Det vart samla inn pengar frå innbyggarane gjennom Spleis og Vipps, og næringslivet vart inviterte til å kjøpe marknadsføringspakkar. Vi fekk inn vel 100 000 kroner på denne måten, samt fleire sponsa varer og tenester, bl.a. kost og losji for pyroteknikarane. Vi kunne derfor presentere eit imponerande vakkert fyrverkeri som overgjekk forventningane til dei aller fleste. Dette var utan tvil ein suksess og vi har allereie meldt frå til leverandøren at han kan sette Fosnavåg på lista over potensielle stadar også neste nyttår.

Meir informasjon på digitale plattformer
Heimesider:
https://www.havlandet-as.no/ (Næringsaktørar/-interesserte)
https://www.opplevhavlandet.no/ (Besøkande/turistar)
Facebook:
https://www.facebook.com/havlandetas.no (Havlandet - næring)
https://www.facebook.com/opplevhavlandet.no (Marknadsføring reiseliv)
Instagram:
https://www.instagram.com/opplevhavlandet/ (@opplevhavlandet)
https://www.instagram.com/havlandet_naering/ (@havlandet_naering)
LinkedIn:
https://www.linkedin.com/company/havlandet-as/ (Havlandet – næring)

 Fosnavåg 18.01.22
Merethe Hjertø Flusund                                                                    
Dagleg leiar/Næringslivssjef