Det er positivt at dei to statlege kredittinstitusjonane GIEK og Eksportkreditt no vert slått saman. Med næringsdepartementet som eigar for begge, og med delvis overlappande føremål, er dette både klokt og naudsynt om støtteordningane skal nyttast på beste måte. Like klokt og naudsynt er det at eit framtidig hovudkontor vert plassert nærast mogleg dei største brukarane av tenestene til GIEK/ Eksportkreditt.

Mykje av framtida for norsk eksport ligg i det blå havet. Skal Noreg oppfylle regjeringa sine ambisjonar som eksportnasjon, må verkemiddelapparatet vere til stades der verdiane vert skapte.

Det meste av verdiskapinga i Noreg skjer langs kysten. Her er det fiskeriverksemder som haustar frå Nordishavet til Antarktis, reiarlag med global verksemd innan subsea, verdsleiande oppdrettsanlegg, havvind, bølgjekraft og, ikkje minst, verft og design som byggjer på oppdrag frå både norske og utanlandske bedrifter.

I ei tid der verdsklimaet utviklar seg i feil retning, har Noreg betre føresetnader enn dei fleste nasjonar til å løfte dei eksportnæringane som både kan hjelpe norsk økonomi og klimaet i verda. Desse næringane finst her, og Noreg kan vere eit føregangsland i å utnytte ressursane på ein berekraftig måte.

Dei store forretningsbankane har redusert nærværet sitt i Kyst-Noreg, og Sparebankane spelar difor ein stadig viktigare rolle for næringslivet langs kysten. Ved sin nærleik til dei som skapar verdiane, har Sparebankane betre kompetanse, oversikt og kunnskap om næringslivet og soleis betre grunnlag for å ta gode avgjerder. For desse bankane vil nærkontakt og kort veg til verkemiddelapparatet auke evna til å støtte dei framtidsretta, innovative bedriftene som held lokalsamfunna i gong. Dersom ein styrkar kapitaltilgangen, styrkar ein samstundes distrikta og lokalsamfunna, noko dei aller fleste politikarar meiner er naudsynt for at AS Noreg skal klare seg i framtida.

For folk som skal forvalte milliardar av verkemiddelkroner på vegner av skattebetalarane, er nærleik til den eksportskapande maritime og marine klynga langs kysten langt viktigare enn nærleiken til regjeringskvartalet og skinande kontorbygg i Oslo.

Det vil ha mykje å bety for vidare utvikling langs kysten og i havet, at eit nytt hovudkontor for GIEK/Eksportkredit vert lagt nærast mogleg der verdiane vert skapte. Møre og Romsdal er det fylket som nyttar seg mest av tenestene GIEK og Eksportkreditt gjev. Det bør soleis vere naturleg at eit nytt hovudkontor vert lagt til Møre og Romsdal og Ålesund. Meir enn nokon gong er det nødvendig at verkemidla vert nytta på best mogleg måte for dei som også i framtida skal skape verdiane vi skal leve av.

Hovudkontor i Ålesund og avdelingskontor i Oslo vil vere meir i samsvar med tenestebehovet, enn om ein skal gjere det på den tradisjonelle, distriktsøydeleggande og sentraliserande måten som går på å samle det meste i Oslo. Plasseringa av hovudkontoret for GIEK/Eksportkreditt er altfor viktig til at politikarane kan overlate avgjerda til byråkratar.

Det er no toget går, og det er nødvendig å gjere det klart for regjering og departement kor viktig det er at GIEK/Eksportkreditt er sterkt til stades i område der store delar av eksportverdiane vert skapte. Difor er vårt primære ynskje at eit hovudkontor vert lagt til Ålesund.