fireworks-5889777_1920 liten.jpg


Takk for god respons
Vi har vore spente på responsen og den er heldigvis god. Vi rettar ei stor takk til dei som har gjort det mogleg å få til dette i fellesskap. Det er mykje som skal ordnast i forkant, både praktisk og økonomisk.

Spleiselag
Det er ei glede å sjå at privatpersonar og bedrifter har takka ja til å vere med på spleiselaget og det er ei glede å stadfeste at det blir fyrverkeri som planlagt. Kor stort det blir, er framleis avhengig av kor mykje midlar vi greier å samle inn. For dei som ynskjer det, er det høve til å bidra med nokre kroner til og med 1. januar (sjå nedst på sida). Vi har fått fleire innspel om at fyrverkeriet burde vere frå ein topp der flest mogleg fekk sjå det frå bygdene rundt i kommunen. Men eit fyrverkeri av slike dimensjonar kostar altfor mykje, og vi må uansett starte litt i det små dette første året.

Kvar skal det skje?
Oppskytinga skjer i Fosnavåg sentrum nyttårsafta ved midnatt. North Star Fireworks har ansvaret for fyrverkeriet og har, etter velvilje og godkjenning frå grunneigar, søkt brannvesen og politi om løyve til oppskyting frå steinfyllinga ved tidlegare Sunnmørsfisk. Det er fleire omsyn å ta, både når det gjeld sikkerheit og beredskap. I tillegg kjem omsyn til trafikale forhold, parkering og smittevern.

Fyrverkeriet kan aller best sjåast frå Vågsplassen og Tverrfjellet, men vil også vere synleg frå Kvalsund, Remøya og Voldsund dersom det er god sikt.

Parkering
Det er godt med parkering i Fosnavåg sentrum og vi oppmodar om at det vert parkert på parkeringsplassane. Vegkantar og fortau bør vere fri for bilar slik at ein ikkje hindrar andre i å kome fram. Det same gjeld parkeringa for dei som tek turen til Tverrfjellet. Parker gjerne ved kulturhuset eller ved Herøy vidaregåande, då det er svært avgrensa plass til parkering på Heid.

Sikkerheit
Vis respekt for sikkerheitssonene. Det er ein grunn til at dei er der.

Smittevern
KOMMUNEOVERLEGEN SINE RÅD:

NÅR DU ER I FOSNAVÅG OG SER PÅ FYRVERKERI I KVELD:
- Hugs meteren - bruk munnbind!
- Hald deg til den gruppa du høyrer til - ha så få nærkontakter som mulig!
- Berre kjærasten din får kyss og klem!
- Er du sjuk - hald deg heime!

Leverandøren
North Star Fireworks https://www.northstarfireworks.no/

 

YNSKJER DU Å STØTTE TILTAKET ØKONOMISK?
(Om fyrverkeriet skulle verte avlyst pga verforhold, endra coronarestriksjonar eller liknande, vil pengane bli tilbakeført til gjevaren) 

Privatpersonar
Vipps - #728092
Spleis - https://www.spleis.no/project/206158

Bedrifter
Bestill marknadsføringspakke her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfaYa9p8Ujbx5JRfIJ3K22tAzmjiR_QCgBJvvtmKr66tu3z5Q/viewform