Foto henta frå vestlandsnytt.no 26.11.2020 - https://www.vestlandsnytt.no/n...
- Prosjektet kom i gong etter initiativ frå herøyværingen Ove Kvalsvik, som eg møtte første gong under Herøy kommune sitt romsjulstreff for utflytta herøyværingar i fjor, fortel næringslivssjef Merethe Hjertø Flusund i Havlandet AS.
Ove Kvalsvik driv til dagleg innovasjonsstudioet Fueled saman med ein anna herøyværing, Svein Ove Kvalsund. Dette prosjektet går gjennom eit av deira tilknytta selskap, Vekstlandet AS.
Bindeledd mellom næringsliv og verkemiddelapparatet
Havlandet AS sitt oppdrag er å bidra til å skape vekst og utvikling i næringslivet i Herøy, blant anna gjennom å fungere som eit bindeledd mellom næringsliv og verkemiddelapparatet. Vekstlandet AS er initiert og støtta av Stiftelsen Agenda Vestlandet for å gjennomføre ulike vekstinitiativ retta mot havnæringane langs kysten. Formålet er å styrke koblingane mellom gründerar/vekstselskap, etablert næringsliv og privat risikokapital for å etablere og skalere nye konsept som både styrker konkurransekrafta til eksisterande aktørar - og samtidig kan ha eit attraktivt forretningspotensial i seg sjølv. Heile idéen bak Vekstlandet er at det ligg eit uforløyst vekstpotensial innan basisnæringane.
- Sjømatnæringa har eit nær utømmelig potensial for vekst. For å klare å realisere potensialet må vi utnytte dei sterke posisjonane som er bygd opp, og koble desse med miljø som i dag ikkje er del av bransjen, meiner Kvalsvik
Vidareforedling, digitalisering og datadrevne operasjonar
Innanfor fiskeri er det for eksempel peikt på store muligheiter innan vidareforedling, digitalisering og datadrevne operasjoner. Oppgåva til Vekstlandet vil vere å gjere desse muligheitene endå meir konkrete og deretter invitere miljø som kan løyse dei.
- Innovasjon og vekst handlar ikkje primært om å kome opp med dei brilliante idéane, men å finne dei gode problema som er verdt å bruke tid på å løyse. Vi må legge utfordringane og muligheitene til næringa på bordet sånn at fleire kan ta del i dei, seier Kvalsvik.
I løpet av dei neste to åra vil Vekstlandet etablere ulike innovasjonsprogram for dette. Sidan to av dei som jobbar i Fueled og Vekstlandet er frå Herøy, har dei lyst til å øyremerke ein del av midlane til å skape vekst og utvikling innanfor basisnæringane på Søre Sunnmøre.
- Eg har hatt veldig god dialog med Merethe tidlegare, så eg vende meg dit for å høyre om Havlandet AS ville bistå med å etablere kontakt med næringslivet, der formålet i fyrste omgang er å få innsikt i utfordringane og muligheitene, sett frå næringa sitt perspektiv.
Dette er slik Vekstlandet jobbar saman med tilsvarande aktører i andre delar av regionen, blant anna med Næringshagen på Voss, i Førde og Odda.
- Vi veit ikkje kva som kjem ut av disse samtalene, men vi håper at det kan kome ut nokre muligheitsområde som vi i etterkant kan generere konkrete løysingar på. Uansett er det veldig positivt at vi har ein aktør som Havlandet som gir sånne som oss ein veg inn, seier Kvalsvik
Havlandet er tilretteleggar
Havlandet AS går ikkje inn med pengar eller store ressursar i dette prosjektet, men fungerer kun som fasilitator og tilretteleggar.
- Min jobb i starten var å finne aktuelle personar som ville delta i prosjektet, og det gjekk overraskande lett. I løpet av få timar hadde 15 personar frå fiskerimiljøet takka ja til å vere med, fortel Hjertø Flusund.
Personane som har takka ja er reiarar, fiskarar, maskinistar, maskinsjefar, styrmenn og skipperar frå ringnotfartøy og pelagiske trålarar, spreidde i alder frå 25 år til nærare 60 år. Så her er alt frå nyutdanna ungdommar til garva fiskarar med fleire tiårs erfaring. Dermed er det god grunn til å forvente gode innspel frå fleire perspektiv.
Dette arbeidet er fullt og heilt eigenfinansiert av Vekstlandet. Dersom ein kjem fram til problemstillingar som er interessante å utforske vidare, vil Vekstlandet også kunne finansiere eit ganske omfattande opplegg for å generere idéar til løysingar. Nøyaktig korleis eit slikt opplegg vil sjå ut, er usikkert på dette stadiet, sidan det er avhengig av problemstillingar som ein vel å ta tak i.
- Sånn er det med innovasjonsarbeid; det er stor usikkerheit i starten, så nokon må ta dei fyrste stega litt i blinde. Når vi blir meir konkrete på problem og opplegg, håpar eg at fleire tek kontakt og har lyst å jobbe saman med oss for å realisere potensialet som ligg der, avsluttar Kvalsvik, og oppfordrar dermed alle som er interessert i temaet om å ta kontakt.
Fosnavåg, 26.11.2020
Kontaktinformasjon
Merethe Hjertø Flusund
Næringslivssjef / dagleg leiar
Havlandet AS
Telefon: 905 12 236
E-post: merethe@visithavlandet.no
https://www.havlandet-as.no/
Ove Kvalsvik
Dagleg leiar
Fueled AS
Telefon: 905 94 724
E-post: ove@fueled.no
https://www.fueled.no/
https://vekstlandet.no/