WEBINAR - 2. april kl. 13
No er mange ute i hardt veir og slit med å få oversikt på kva ein skal gjere for å redde bedrifta si. Havlandet AS inviterer til eit kort webinar i samarbeid med Sparebanken Møre, Ernst & Young og NAV Herøy og Vanylven. Dette webinaret rettar seg mot små og mellomstore bedrifter som no slit med likviditeteten og treng råd og rettleiing. Tema vil vere tiltakspakkar, likviditetsproblematikk, årsoppgjer, handlingsplikt, styreansvar og permitteringsreglar. Webinaret er GRATIS og ope for ALLE - meld deg på i linken under . Det vert gjort opptak, så meld deg på sjølv om du ikkje har høve til å vere med "live" Då står du på e-post lista og får opptaket tilsendt i etterpå.