Besøk

JA, VI VIL VERE MED Å RYDDE I HAVLANDET:

Opplev Runde AS MMC - 120 personar er inviterte til å vere med å rydde på Mjølstadneset ca kl 12.00 Norwegian Greentech - vil rydde på Mjølstadneset frå kl 11. på onsdag Fallgard Runde Miljøsenter Søre Sunnmøre Reinhaldsverk Havlandet AS ryddar rundt Simulatorsenteret i sentrum av Fosnavåg Aurvoll og Furesund AS Astorplast AS

Korleis arrangere ryddinga?

Hold Norge Rent arrangerer Strandryddeuka over heile Norge frå 9. - 18. september 2022.

Kvar og kor lenge?
Bedriftsryddinga kan gå føre seg der man vil, gjerne i nærområdet rundt bedrifta for å unngå logistikken og tidsbruken av å transportere folk rundt omkring. Lengda på ryddinga er heilt opp til kvar enkelt bedrift og kan vere alt i frå ein time til heile dagen. Alle monner drar!  Om det passar betre for di bedrift ein annan dag denne veka, så går det også bra. 

Kvar kan man få tak i ryddeutstyr som hanskar og strandryddesekkar? 
Ryddeutstyr er gratis takka vere Hold Norge Rent,  og kan hentast på Søre Sunnmøre Renhaldsverk  sine miljøstasjonar på Saunesmarka, Mjølstadneset og Myklebustmyrane) og på Runde Miljøsenter. Det er gode hanskar som delast ut, og dei er IKKJE eingangshanskar.  Kan godt vaskast i maskin etter ryddjobben, og takast vare på til neste ryddeaksjon.   

Kva gjer man med avfallet i etterkant? 
Søppelet som de plukkar kan leggast i ryddecontainarane som blir sett ut rundt om i kommunane, ( sjå liste under ), kan bli levert til SSR sine miljøstasjonar gratis eller det går an å putte det oppi strandryddecontainerane til SSR som dei har plassert ut på ulike stadar i kommunene.

Her finn du ryddecontainar i din kommune: 

Herøy:  Indre almenningskai i Fosnavåg, og ved bensinpumpene i Myrvåg

Ulstein: Ved Shell bensinstasjon, på nedsida av vegen ved parkeringsplassen

Hareid: På parkeringsplassen mellom rådhuset og Sparebanken Møre

Sande: På parkeringsplassen mellom rådhuset og gamlebanken på Larsnes. 

Les meir om signalarrangementet her

Del denne sida med andre!

HAVLANDET RYDDER