– Til liks med dei aller fleste, såg vi ikkje føre oss at 2020 skulle verte prega av ein pandemi. Det har gjort at også vi måtte tenke alternativt og avgrense aktivitet som samlar folk. Vi er takksame for særs god rettleiing frå kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen, når vi har vore i tvil om kva vi skulle gjere. Det seier Merethe Hjertø Flusund, dagleg leiar og næringslivssjef i Havlandet AS..

Trass utfordringane har det likevel vore mogleg å få til forskjellige arrangement, både digitalt og fysisk. Blant anna er blitt Næringspuben innarbeidd som eit fast arrangement den første torsdagen i månaden. I mai vart det arrangert eit kurs i marknadsføring gjennom sosiale media. Deltakarane kunne vere med enten ved fysisk oppmøte eller digitalt.

– Dette kurset var svært populært og vi jobbar med å få til liknande kurs framover, seier Hjertø Flusund som vidare fortel at det vert jobba med fleire arrangement utover våren, samt den årlege Fosnavågkonferansen som i år er lagt til 17. juni.

Lokale kursleverandørar

Nytt av året er at bedrifter som har partnaravtale med Havlandet får rabatt på kurs hos Exlevel AS og STQ AS.

Exlevel er eigd og drive av Therese Frøystad Igesund. Ho starta bedrifta for snart åtte år sidan og tilbyr blant anna konsulenttenester og kurs innan Microsoft Office. Ho har kundar innanfor det private næringslivet og offentleg verksemd, men også privatpersonar har teke kurs hos henne.

– Dei ymse «appane» (applikasjonane) i Office365 har mange funksjonar. Mange brukarar kjenner ikkje til alle moglegheitene, eller veit ikkje korleis dei kan dra nytte av funksjonane for å arbeide mest mogleg effektivt, fortel Frøystad Igesund..

Ho er sjølv instruktør, og kursa er tilpassa bedriftene som ynskjer kompetanseheving for sine tilsette. Kursa vert som regel haldne ute i bedriftene, men kan også arrangerast eksternt eller digitalt, alt etter kva kundane ynskjer.

– Det er spesielt Excel-kursa som har vore populære, men med nye tider, der heimekontor og digitale møter har blitt kvardagskost for mange, vil nok fleire kjenne behov for kompetanseheving, kanskje spesielt på den digitale møteplattforma Teams eller delingsplattforma Sharepoint, trur Frøystad Igesund.

Under same tak

STQ AS er ei lokal opplæringsverksemd som har drive sidan 2014. Dei tilbyr ei mengd forskjellige kurs til tilsette innanfor offshore, skip, landbasert industri og bygg-/anleggsbransjen.

– Vi er for tida 10 tilsette og leverer sertifisert og dokumentert opplæring i form av fjernundervisning, digital e-læring og opplæring ved fysisk oppmøte. I tillegg til lokala våre her på FOSAC, har vi også eit stort praksislokale i Fosnavåg, der vi køyrer trening/opplæring i riggerkurs, fallsikring og truck blant anna, fortel dagleg leiar Linda Abeltun i pressemeldinga.

STQ held til i FOSAC-bygget, kanskje betre kjent som simulatorsenteret ved hotellet, og dei er dermed under same tak som Havlandet. Då var vegen kort til å tenke samarbeid, og saman med Exlevel, vart dette fleire-fordels-prosjektet ein realitet. Å synleggjere kvarandre og samle folk på tvers av bransjar er noko alle tre har tru på når det gjeld å få til vekst og utvikling.

– Dette samarbeidet kjem alle partar til gode. Kursleverandørane får fleire kundar, kundane får billigare kurs, deltakarane får god opplæring lokalt og Havlandet får fleire partnarbedrifter. I tillegg er der ein bonus: Dess fleire som møtest og pratast, dess meir kan skje. Det er når folk pratar med kvarandre at nettverk vert bygde, gode samarbeid oppstår og nye idear kan klekkast, seier ein optimistisk næringslivssjef.