Oppretthald eksisterande tilbod ved Ørsta trafikkstasjon.

Nettverk for samferdsel Sunnmøre viser til pressemeldinga frå Samferdselsdepartementet den 01.07.2020 om endringar på TK-området. Vi kjenner oss ikkje att når det samtidig i pressemelding vert opplyst at omsyn til ungdom og næringsliv er viktig å ivareta.

Vi er kjende med at Transport- og kommunikasjonskomiteen har drøftingar om TK-området no. Vi ber med dette om at tenester som krev fysisk oppmøte vert vidareført også ved Ørsta Trafikkstasjon. Intensjonen til Regjeringa om å sikre gode tenester for trafikantar i heile landet, treff ikkje heilt i vår region når slike tenester vert flytta langt bort og ein i tillegg vert avhengig av ferje for å nå dei.

Søre Sunnmøre / Nordfjord har gjennom etablering av Eiksundsambandet og E39 Kvivsvegen blitt etablert som ein velfungerande bu- og arbeidsmarknadsregion. 50’ – 60.000 tusen innbyggarar har Ørsta Trafikkstasjon som nærmaste tilbod. For dei aller fleste ferjefritt. Her er etablert store miljø av bilforhandlarar, fleire køyreskular, mellom anna for MC, fleire store landbruksforhandlarar og Amcar-miljø. Brukargrupper som klart treng fysisk oppmøte hos Statens vegvesen.

Endring i skranketenester som kan digitaliserast ser vi som ei naturleg utvikling i samfunnet, men krav om fysisk oppmøte blir framleis naudsynt. Fjerning av tenestene som krev fysisk oppmøte har utløyst eit stort engasjement frå partigrupper, kommunar og organisasjonar om framleis å halde oppe dette tilbodet. Dette gjeld både frå posisjons- og opposisjonspartia.

Som døme legg vi ved medieoppslaget frå FRP. Vi legg elles til grunn at Transport- og kommunikasjonskomiteen kjenner saka inngåande nok.

 

For Nettverk for samferdsel, Sunnmøre Jan Thormodsæter /s/ Leiar


Foto: OpenClipart-Vectors frå Pixabay