I februar løyvde Stortinget midlar for å kompensere lokale verksemder som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak. 

Søknadsfrist: 30.03.2021

Søknadar etter denne fristen vert handsama fortløpande dersom det er midlar att på kompensasjonsordninga.

Formål

Avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kriterium

Søknad/tildeling vil bli vurdert utifrå følgande punkt:

  • Verksemda er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Det blir lagt spesiell vekt på negative verknader etter innføring av skjerpa smittevernreglar etter nyttår (1.1.2021) som har påført ekstra kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og evt nedstenging. Også langtidseffektar etter innførte smitteverntiltak i 2020 kan bli vurdert. Du må kunne dokumentere eller vise til omsetjingsfall/tap av inntekter.
  • Verksemda kan dokumentere at verksemda fell heilt eller delvis utanfor dei sentrale/generelle støtteordningane for korona-kompensasjon.
  • Verksemder innan reiseliv, arrangement og service er spesielt aktuelle i tråd med sentrale føringar, men også andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Herøy kommune vil også vurdere støtte til omstillingstiltak som har utgangspunkt i at verksemda er råka av korona-situasjonen, og har sett i verk eller planlegg omstillingstiltak for å trygge arbeidsplassar.

Søknad må innehalde all vesentleg informasjon, men likevel vere så kort og konkret som mogleg.

Tilskot reknast i utgangspunktet som bagatellmessig tilskot, og slike tilskot reknast ikkje som offentleg tilskot. Tilskotet må då følgje regelverket for bagatellmessig tilskot. Det viktigaste kravet er at verksemda må oppgje anna offentleg tilskot føretaket har mottatt i 2019, 2020 og 2021, og at samla støtte er under EUR 200.000 over tre rekneskapsår.

Om rapportering

Mottakar skal levere ein enkel rapport som omtaler bruken av midlane seinast 6 mnd etter mottak av informasjon om støtte/tilsegnsbrev.

Herøy kommune og Kommunal-/moderniseringsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på heimesida til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Korleis søke?

Søknadsskjema finn du her.