Besøk

HERØY NÆRINGSFORUM

Stiftinga Herøy Næringsforum er eigar av Havlandet AS.

Herøy Næringsforum har ambisjonar om å:
  • Vere samlande for næringslivsinteresser både til havs og til lands
  • Tilretteleggjar for samarbeid og kompetansedeling
  • Gi synlegheit for næringslivet
  • Bidra til tiltak for rekruttering og tilflytting
  • Engasjement i utviklingsprosjekt og bulyst-tiltak
Korleis nå ambisjonane:
  • Arrangere møteplassar, både fysiske og digitale, for næringsdrivande
  • Løfte fram god næringsutvikling og lokale ambassadørar som betyr noko for næringslivet
  • Arrangere relevante kurs og seminar for næringsdrivande
  • Arrangere og utvikle den årlege Fosnavågkonferansen
  • Vere ein aktiv tilretteleggar for reiselivet på tvers av kommuner
  • Aktivt leite etter, og ha kunnskap om, samarbeidsprosjekt og støtteordningar, og formidle vidare til næringsdrivande og gründerar
  • Delta i arbeidet med å bevare og auke utdanningstilbodet ved Herøy vidaregåande skule, evnt også utdanningstilbodet elles i regionen, også på høgskulenivå

KVA ER HAVLANDET?

Havlandet er et 3-årig RDA-prosjekt som no er avslutta. Det har vore ein interesseorganisasjon for næringslivet for å skape vekst og utvikling. Havlandet som prosjekt er ferdig, men arbeidet fortsetter med Stiftinga Herøy Næringsforum som eigar.

Avdeling Reiseliv (reiseliv, handel, service, kultur og frivillige organisasjonar)

  • Marknadsføring gjennom eiga landingsside på opplevhavlandet.no
  • Profilering (logo, kort presentasjon og link til eiga heimeside på havlandet-as.no)
  • Kurs/kompetanseheving - rabattert
  • Konferansar – rabattert
  • Aktørtreff/frukostmøte – legge til rette for samarbeid, dialog og relasjonsbygging
  • Relevant informasjon – statistikkar, nasjonale og internasjonale undersøkingar frå Innovasjon Norge og Fjord Norge
  • Rådgjeving/rettleiing - bindeledd mellom partnarar og kommune, fylke, verkemiddelapparatet og reiselivsselskap (Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Visit Norway etc.)
  • Synleggjere behov for arbeidskraft og kompetanse
  • Presentasjon i turistguiden
  • Generell marknadsføring av området gjennom året i inn- og utland
  • Tilgang til høgoppløyselege bilete frå Havlandet sin fotobank (med kreditert fotograf)
  • Tilbod om å registrere «sin stad» på appen Voice of Norway https://voiceofnorway.no/ 
  • Booking-løysinga Trekksoft gjennom visithavlandet.no


Avdeling Næring (offshore, fiskeri, industri, bank/finans, bygg & anlegg, øvrige næringar) 

  • Profilering - logo, kort presentasjon og link til eiga heimeside på havlandet-as.no
  • Kurs/kompetanseheving - rabattert
  • Konferansar – rabattert
  • Næringstreff/frukostmøte – legge til rette for samarbeid, dialog og relasjonsbygging
  • Relevant informasjon - bransjeretta
  • Rådgjeving/rettleiing - bindeledd mellom partnarar og kommune, fylke og verkemiddelapparatet (ÅKP, Innovasjon Norge, Forskningsrådet etc.)
  • Synleggjere behov for arbeidskraft og kompetanse
  • Administrasjon av prosjekt
  • Tilbod om å registrere verksemda på appen Voice of Norway, etter gjeldande satsar https://voiceofnorway.no/


PRIS FOR PARTNAR-AVTALE

  • Reiseliv, kultur, frivillige organisasjonar, service og handelsbedrifter kr 2.000,- per år
  • Øvrig næringsliv kr 14.000,- per år

Pris er ekskl. mva.